Det føles som om det er den første dagen i det nye året idag. Igår blei nemlig litt handikappa pga mega-fyllesjuk kjæreste. Dessutan var eg ikkje noko flink til å følge opp nyttårsløfta mine, som er:
-Vere meir økonomisk, planlegge vekesmenyar, sette av pengar til sparing.
-Vere meir sosial. Sei ja til ting eg gruer meg litt for. Pleie vennskap og fornye kontakt.
-Lese fleire bøker, og ikkje nødvendigvis vente til etter 15 mai, sjølv om det gjerne blir litt fleire skjønnlitterære bøker etter masterinnleveringa...
-Vere flink til å trene.
-Pusse skoa mine og sørge for at dei ikkje blir ødelagt av salt-snø på ein-to-tre.
-Levere masteroppgåva til normert tid og søke jobb.
-Bli meir RYDDIG.
-Pleie kjærleiken.
Og når det gjeld det med trening har eg og Daniel meldt oss inn i Elixia for å kickstarte året. Eg utnyttar meg av det same tilbudet som eg gjorde for to år sidan, nemlig nokre få hundre kroner for å trene i januar og februar, utan binding. Litt dårlig gjort mot Elixia, men ganske fint for meg.
No comments:
Post a Comment