Friday, January 28

Kvalitetstid

Eg var på Sebastien Bruno igår og handla inn noko som kunne passe saman med Ingvild og musserande. Dei beste: den kvite som var kvit sjokolade med vanilje, og den gule som var pasjonsfrukt. NAM!
Fekk nydelige tulipanar <3
Luna skulle vere med
Nydelige Ingvild

Unni og Arnstein kom etter kvart, og hadde med seg rødvin og enda fleire tulipanar. Og godt humør :)
Eg prøvde meg på min første gulasj med dumplings. Skummelt godt. Og enda skumlare, som eg ikkje rakk å ta bilde av før den var ete opp, var Apple Cinnamon Crumble med varm custard. Kjempegod & veldig mektig.

...idag skal eg straks halte meg opp på Blindern for å lese litt. Og halting blir det fordi eg gjekk på ski på onsdag og tryna X antall gangar på vegen nedover frå Ullevållseter til Sognsvann, på hardt underlag. Hadde lyst til å legge meg ned og grine, og på bana heim igjen tenkte eg litt på å la skia stå igjen på bana og stikke heim uten dei. Men. Neste gang blir sikkert bedre. For neste gang skal det vere nysnø på formiddagen ein vekedag. Sånn at det er lettare å bremse, mindre vondt å dette og færre folk som ser meg tryne.

1 comment:

g-lo said...

OMG! Kan du please åpne en egen restaurant, darling?

LOVE