Saturday, January 29

Sliten og sløv



Veit ikkje heilt kvifor eg føler meg sånn. Har i alle fall ikkje jobba særleg hardt i det siste, men likevel er alt meir slitsomt enn vanlig. Ikveld skulle eg vore på bursdagsfest, men klarte ikkje tanken på å ordne meg og komme meg avgårde.
Og særleg ikkje tanken på å drikke. Så, skal prøve å legge meg tidlig ikveld og håpe at eg våkner utkvilt og full av energi imorgon.

Luna har forresten vore veldig co-dependent idag. Vi var på posten idag tidlig, og eg bandt ho fast utanfor, slik som eg pleier. Men i motsetning til vanligvis var det skranke ledig med ein gang, og Luna mista meg av syne. Eg høyrer litt piping og plutselig har ho dratt seg laus, sneke seg inn døra og er på full fart rundt på posten for å finne meg. Litt sånn Homeward Bound-aktig. Postdama var i alle fall snill og sa at det ikkje gjorde noko, at ho var så søt, og at ingen av dei som jobba der den dagen var redde for hundar. *Må kjøpe ny og strammare sele*

No comments: