Eg var på veiledning idag og fekk beskjed om å stille meg dette spørsmålet når eg skriv. Fekk også beskjed om å vere mindre modest, å skyndte meg og tenke at eg har dårlig tid. For det har eg. Vil og må bli ferdig til 15 mai. Det er ikkje noko alternativ å utsette, vil ikkje avlyse sommarferien. Og vil kunne sei at eg har levert masteroppgåva når eg går på jobbintervju.
Ellers så har eg vore vertinne for tre røykluktande guttar det siste døgnet. Andreas ringte meg halv to i natt og fortalte at det brant i huset deira. Sjukt. Enda sjukare er det at Mamma har gått og snakka om brannfaren der sidan dei flytta inn. Og at to av tre ikkje hadde innboforsikring. Ikkje at eg har vore så flink til å forsikre meg, men har vore innboforsikra i ca eitt år. Og bur ikkje i eit trehus.
Nei, no må eg skru av tv'en, slutte å lese (og skrive) bloggar, gløyme at det ligg sjokolade i kjøkkenskuffen og vere flink jente. Skriveskriveskrive og leseleselese. Kanskje få meg ei speilvendt "normert tid" tatovering i panna?
No comments:
Post a Comment