Begge barna har sunge nasjonalsangen i barnehagen den siste veka. No får dei begge til melodien og mesteparten av orda. Eit av dei finaste minna frå gårsdagen var når barna forsvann under kjøkkenbordet og sang Ja vi elsker i kor medan vi år frukost.
Etter frukost gjekk vi opp til krysset mot Grav skule og fekk sjå både toget frå Grav og toget frå Steinerskolen.
Litt leiking under treet bak huset
Etter sovinga til Magnus kjørte vi tvers over Bekkestua og heim til Kenneth og Rannveig. Det var vi 11 barn under seks år, og 12 voksne. God stemning, leikar, sol og kos.
I femtida kjørte vi heim igjen og blei med på 17maifeiring i nabolaget. Akkurat i tide til å ete kake, bli med på rebusløp for barna, sjå fotballkamp og vere litt sosial. Og til slutt, etter begge barna var lagt, rakk eg to glas rødvin på verandaen til Camilla og Thor. Innholdsrik og koselig 17 mai.
Saturday, May 18
Thursday, May 16
More Time
Denne veka er det deadline på ein oversikt over kapittel to i læreboka. Det er skikkelig slow going å bestemme seg for ting, skulle ønske eg hadde meir tid, meir overskudd, fleire idear. Høyrer på Linton Kwesi's "More Time", som eg fann i ein poesiantologi, og som sannsynlegvis blir utgangspunkt for eit oppslag, når eg berre får litt meir tid...
I det siste har eg lese både "Stress og korleis leve med det" av Anne Gunn Halvorsen, og "Overwhelmed: Work, Love and Play when no one has the Time" av Brigid Schulte. Mange a-ha-opplevingar, nokre gode forsett, men likevel vanskelig å følge opp og vere konsekvent. Litt som å lese bøker om barneoppdragelse. Apropos barneoppdragelse:
Breze som ein pre-dinner-snack (Backstube har opna filial 5 min frå skulen min! Farlig, farlig)
Frida med Sørlandsbolle på Samson.
God stemning på vegen heim frå barnehagen (sånn sett litt utypisk)
Klare for dagens 16 mai-feiring i barnehagen.

Saturday, April 27
Lost in the Supermarket
Eg har vore hekta på den sangen i det siste, og sjelden har den passa betre. No for tida er vi utan kjøleskap mens vi ventar på levering av nytt kjøleskap, som stadig blir meir forsinka. I mellomtida klarar vi oss med ein kjøleboks frå Biltema som ikkje har all verdas plass, og som durer konstant. Dermed er handling av mat blitt vanskelig - minst mulig av det vi et må vere avhengig av å lagrast kjølig.
Elles har det vore fine vårdagar heime i byggefeltet:
Vatnleik hos Camilla og Tor
Besøk av pollenallergisk mamma/granny. Ho kom med kortspel, terrier-forma shortbread og ein sjokoladedinosaur, og vart overrumpla av gigant-hengebjørka som står rett bak huset vårt.
Og elles har vi gode ferieminner frå påska i Verona
Og to barn som leikar og tullar stadig meir saman. Endelig litt valuta for å ha fått to barn på 2.5 år.
Neida (joda).

Sunday, April 14
Palmesøndag
Idag har vi feira palmesøndag med påskemiddag og eggleiting hos Ingvild, Eivind og Thorvald. Veldig koselig, på tross av litt hypre barn.
Slik kunne det sett ut om vi fekk eit barn til.... koselig&kaos.
Vi har forresten også (skam)klipt Magnus idag. Neste klipp må bli hos frisøren! Ellers er Magnus veldig søt for tida:
Søt, men ein skikkelig handfull og glad i å stikke av. Det skal bli spennande i Verona (eller: Bejona! Som Magnus seier). Avreise og påskeferie i morgen

Tuesday, April 9
Vår?
Ute er det sol, men framleis ganske kald og sur vind. Idag prøvde eg meg på ein joggetur på Bygdøy med Dana for første gang. Merka at beinlengde har litt å sei for tempo, men med litt gåing innimellom og ein kaffi etterpå, gjekk det bra.
Ellers har dei siste veke bestått av
helgetur til Stockholm, Junibacken og reunion for Frida, Hanna og Lovisa.
Leiking ute med stadig mindre snø og meir sparkesykkel.
9-årsbursdag (1+3+5 år) hos Strømers på søndag.
Og apropos bursdager - denne veka skal Frida i to bursdager til guttar i barnehagen. Dvs lego-gåver, wienerpølser, godteposer, spente og deretter skikkelig slitne barn. I mellomtida sitt eg med 40 heildagsprøver og nokre avspaseringsdager til å få retta. 10% unnagjort sålangt, kun 36 left to go.....

Sunday, March 3
Retting og Radiohead
Denne helga har det meste handla om retting. 30 engelskstilar blei levert på onsdag, og eg har snart berre ein fjerdedel igjen. Fekk retta, diskutert og bekrefta at vurderingane mine er greie då eg møtte Stine for samretting idag. Før det hadde eg bakt fastelavnsboller saman med Frida
og retta medan ho høyrte Albert Åberg på lydbok.
Ellers har det vore karnevalsfeiring i barnehagen, og etter 3 år med fargefest i den gamle barnehagen, var det no tid for ekte kostymer:
Den lille larven aldri mett + egyptisk prinsesse.
Elles er det rart å tenke på at eg for første gang på 5 år ikkje er i Bayern no ved starten av veke 10 saman med tyskevlevane mine.
Utan den årlige lunchdaten med Marta og Emma.
Og utan grisete turar på regionaltog til og frå Ingolstadt.
Oh well. Målet må vere å komme seg på ein jobbfri tur til München i løpet av 2019. Men first things first: retting med Amnesiac som soundtrack.

Thursday, November 24
Same but different
Det er gått litt over åtte år sidan eg sto opp grytidlig ein novembermorgon, lagde meg luksusfrukost, sette meg i stua i Stolmakergata og såg på CNN ein times tid før eg dro på jobb på Tine. Den morgonen Barack Obama vann valet.
No, åtte år seinare, har det vore eit nytt presidentval, og morgonen etter ga det heilt motsatt følelse å sjå på CNN. Og ikkje berre fordi eg ikkje lenger er singel og på veg til kjedelig kontorjobb.
Det føltes meir slik:
Magnus har også vore i litt dårlig humør i det siste. I natt frå 01-02 var han - og eg - i spesielt dårlig humør.
Men november, med unntak av Trump og skriking, er ikkje så kjipt.
Han er ikkje alltid i dårlig humør når vi helst skulle sove litt til
Har funne ein sunnare og meir mettande versjon av blomkålsuppe
Eg og barna har vore på deilig frokost hos Mari og Elna
Vi var på lørdagsbesøk på Spikkestad, helga før Even blei født Tilbrakt ein del timar i sofaen med Magnus i fanget, Daily Show på skjermen og guilty-pleasure-iskaffi i glaset (med after eight i)
Fått Ingela og Bjørn heim frå Cayman Islands (og masse barnevakt for Frida - i tillegg til Ingvild som på tirsdag henta Frida i barnehagen, tok trikken og åt middag på Villa Paradiso - langt utanfor ambisjonsnivået vårt på ein kvardag, og veldig stas for Frida.
Og ellers har Musikk med de minste-gruppa starta opp og eg har vore på min første vellykka styrketime på Elixia på to graviditetar, og er tilsvarande stiv og støl. Satsar på å vere støttemedlem no more.
Monday, November 7
32
Eg hadde bursdag på lørdag. Ikkje mindre enn 32 år, og sjølv om det var ein lørdag blei det ikkje full fest på kvelds- og nattestid, men heller bursdagsbrunch med 11 vaksne og tre barn.
På kvelden feira vi med middag på Mares med Ingvild, Eivind og ein stort sett sovande Magnus
Og no er det litt blåmandag. Det er iskaldt, eg er trøtt og føler meg veldig voksen. Kanskje typisk 32?
Sunday, October 30
Vekeplanar
I det siste har vi prøvd å planlegge middag for ei veke om gangen, og handle alt på Kolonial. Nokre veker går det bra, slik som denne veka:
Og elles er dette stort sett kvardagen her heime:
....og vi er på veg inn i vinteren (første lange vintertidsdag) og mi siste veke som 31-åring (kanskje ikkje livets høst heilt enda, men ganske høstlig likevel).
Subscribe to:
Posts (Atom)