Sunday, March 3

Retting og Radiohead

Denne helga har det meste handla om retting. 30 engelskstilar blei levert på onsdag, og eg har snart berre ein fjerdedel igjen. Fekk retta, diskutert og bekrefta at vurderingane mine er greie då eg møtte Stine for samretting idag. Før det hadde eg bakt fastelavnsboller saman med Frida


og retta medan ho høyrte Albert Åberg på lydbok.

Ellers har det vore karnevalsfeiring i barnehagen, og etter 3 år med fargefest i den gamle barnehagen, var det no tid for ekte kostymer:

Den lille larven aldri mett + egyptisk prinsesse.

Elles er det rart å tenke på at eg for første gang på 5 år ikkje er i Bayern no ved starten av veke 10 saman med tyskevlevane mine.

Utan den årlige lunchdaten med Marta og Emma.


Og utan grisete turar på regionaltog til og frå Ingolstadt.

Oh well. Målet må vere å komme seg på ein jobbfri tur til München i løpet av 2019. Men first things first: retting med Amnesiac som soundtrack.

No comments: