Friday, September 10

Date night

Vi hadde hundepass for første gang igår, og første date på lenge.
Deilig å vere berre oss to igjen! Vi dro ned til Arakataka og åt rimelig (og) digg 3-retters, før vi hoppa på første trikk opp til Torshov. Der fann vi fram til Torshovteathret og såg "Faderen". Flinke skodespelarar, og fint og intimt teater. Og veldig koselig å vere på date igjen, smake mat ein ikkje har laga sjølv og sansynligvis aldri ville klart å lage sjølv, ha blikkontakt og snakke om andre ting enn Luna.

Men det var også veldig fint å komme heim til nokon som er så ellevilt glad for å sjå oss igjen, sjølv om ho hadde kosa seg masse med hundevaktene. Snart skal vi trene ho opp til å vere aleine heime. Først 15 minutt og deretter 15 dagar, som Tuva foreslo.

Sunday, September 5

Dog day afternoon

Tar livet og alle bake-luktene med knusande ro
På bussen, på veg til sin første fest! Kjempeflink.
Guro kom på søndagsbesøk
og tok med sin photographically-challenged kjæreste


sentrum for all oppmerksomhet
Og ganske pappajente

veldig pappajente
behagelig søndagsbesøk; Martin les om brygging og Guro les GQ




Friday, September 3

Mammaperm

Eg har vore heime den siste veka. Har lest litt, men stort sett berre vore oppteken av Luna. Merker at mamma-genet har blomstra litt, at eg går rundt og tenker på ho og Daniel heile tida. Og at eg ofte blir litt våt i augene.


Bekymra/oppmerksom mamma


Men det er ikkje så rart. Så nydelig som ho er! Mamma seier at alle synes hundane sine er kjempefine, men ja. Vår er vakker :)
Det aller beste med å ha hund er den augneblinken då ein kjem heim, åpner døra og der står ho og er overstrømmande glad for at det er eg som kjem inn døra. Overstrømmande, hoppande, logrande og slikkande glad.

Tuesday, August 31

Forelska

Luna har flytta inn hos oss og vi er begge kjempeforelska. Lyden av små hundepotar som går rundt i leiligheten, ein trøtt kropp som ligg og søv i sofaen, men som våkner til så fort eg går ut av rommet.





Saturday, August 28

Plutseleg

Vi blir hundeeigarar imorgon. Til 17mnd-gamle Luna




<3

Wednesday, August 18

Distre

Eg satte ny personlig rekord i å vere distre igår. Det byrja med at eg gløymte att mobilen heime (nærare bestemt i ein av skoa til Daniel). Deretter jobb og kven veit kor mange slurvefeil (det vil vise seg når kundane ringer inn dei næraste dagane for å klage), for så å dra stuptrøtt på trening med Inga. Vel framme i garderoben på domus viser det seg at eg har gløymt treningstøy også. Og husnøklar. Aaargh.
Litt kjipt å ikkje få trent, men koseligare å komme heim, legge seg, sove i ca 20 minutt og så vere klar for middag på Skillebekk. Deilig indisk middag, med barneselskaps-fråtseri-dessert.


Merker at eg treng søvn, og ikkje kun den skjønnhets-fremmande typen. Men mest av alt treng eg å vere ferdig på jobb og igang med semesteret. Masterskriving. Grøss.

...og ellers er det fint med roser i stova. Skulestart-roser.

Wednesday, August 4

Hjernedød

Sånn føler eg meg etter å ha jobba heile sommaren på Tine. Ikkje ein gang rik og hjernedød, siden den skikkelig lønninga ikkje kjem før 20 august og eg må bruke mastercard enn så lenge. Men Berlin er gjerne ikkje den verste byen å leve på lånte pengar.

Men tilstanden blakk og forelska er ikkje så kjip (kanksje kun overgått av rik og forelska). Daniel kom nemlig heim frå ei vekes Star Craft 2-eksil og han hadde med gåver som plaster på såret, som denne:



Vi har forresten fått klarsignal frå styret i sameiet, og vi står på venteliste hos nokon som skal ha valpar i september!

Monday, July 26

Smak av sommer

Guro på veg ut til å møte den engelske familien. Gægigigægæ
med Penella

Martin, Granny og god stemning
Ingvild på balkong-besøk
Reker & kvitvin <3
Sollys og salmalaks
Verdens største, styggaste og seigaste heimelaga ravioli
Fornøgd med å snart vere framme på Sørlandet, etter timesvis med kø
Rannveig
og Kenneth viser fram Sørlandet
på veg opp igjen til hytta. Midt i vegen for å unngå alle hoggormane som ligg på lur
Max sørlandsidyll
Rasteplass og change of scenery

Starten av Jæren, like før Ogna
Ved stranda i nærleiken av Sola

obligatorisk cheezy hoppebilde


På vegen over fjellet og tilbake til Austlandet
stopp i Seljord
der vi møtte den nydelige valpen Betsy



og kattungen Stella





Og sjølv om borte er bra, så er heime i leiligheten definitivt best. Fresht bad, fullt kjøleskap og getboks, blad- og bokbunke og behagelig seng <3