Friday, September 10

Date night

Vi hadde hundepass for første gang igår, og første date på lenge.
Deilig å vere berre oss to igjen! Vi dro ned til Arakataka og åt rimelig (og) digg 3-retters, før vi hoppa på første trikk opp til Torshov. Der fann vi fram til Torshovteathret og såg "Faderen". Flinke skodespelarar, og fint og intimt teater. Og veldig koselig å vere på date igjen, smake mat ein ikkje har laga sjølv og sansynligvis aldri ville klart å lage sjølv, ha blikkontakt og snakke om andre ting enn Luna.

Men det var også veldig fint å komme heim til nokon som er så ellevilt glad for å sjå oss igjen, sjølv om ho hadde kosa seg masse med hundevaktene. Snart skal vi trene ho opp til å vere aleine heime. Først 15 minutt og deretter 15 dagar, som Tuva foreslo.

No comments: