Monday, June 28

Breakfast bitches

Vi hadde nylig frokostklubb med følge. Men følge holdt seg i kulissane, i alle fall når kameraet kom fram. Og jentene styrte :)
Deilig med amerikanske blueberry pancakes og alt anna som høyrer med på ein lukseriøs søndagsfrukost. Og mest luksus av alt: at gjestane tar oppvasken, mens vertskapet slenger det dei treng i to store koffertar og drar på familieferie.

Sånn halvvegs ryddig stove
Litt av badet, som straks er heilt ferdig
forsøk på posering...




Wednesday, June 2

Homeward bound

Det er masse slikt i stova
kjøleskapet er sånn halvfullt, og mesteparten av innholdet er utgått på dato
Vi har ikkje pakka ut så mykje enda
badet er a work in progress....
Det er blitt grønt og fint utanfor stuevinduet
og meir støv....

....vi har flytta heim igjen. Med alt som det måtte føre med seg. Som betongstøv, handverkarar som kjem og går (dei går meir enn dei kjem), rot, stor seng, behagelig lydnivå frå gata ute og kjærleik.
Og eg har vore sporty tre dagar i strekk (!). Og fått min første master-C. Og hatt sushi&lese-piknik i Frognerparken med Inga <3

Wednesday, May 26

Term Paper

Eg skal levere semesteroppgåve i the Literary History of Sexuality i løpet av dei neste 24 timane. Eg er nesten ferdig, må berre finne dei siste quotsa, fikse bilbliografi og fuskeerklæring og voila.
Men eg er nervøs. Så nervøs at eg snart har tømt boksen med mozartkuler, sjølv om eg ikkje er svolten. Og samtidig som eg er stressa og nervøs, så er eg underlig tiltakslaus. Og saknar Daniel.

Sunday, May 23

Sjølvskading

Eg var ute på Btiz igår for aller siste gang. Oppdateringar frå Tuva ("du la deg til å sove på sofaen og jeg dekka deg til for å minske innsynet fra dansegolvet") og alle småsår og blåmerker som plutselig har dukka opp rundt omkring på kroppen min, tyder på at eg var ganske full igår. Formen min idag er ein enda bedre indikasjon. Våkna klokka seks og gjekk på badet. Jenta eg såg i spegelen hadde på seg all sminken frå kvelden før, øredobbar og linser. Utover dagen idag har sminken forsvunne, og istedenfor er huda blitt rødprikkete. That alcoholic-look is so hot right now.
.....kjipt at det siste Daniel ser av meg før han drar til Roma er ein hestehale som stikk opp av ei blå bøtte.

Men no klokka halv seks er alt så mykje bedre. Eg har drukke varmt vatn, karra meg opp av sofaen (In Treatment er deilig fyllesjuk-underholdning) og dusja. Og straks er eg hos Kirsten, med sushi og SATC, så kan vi vegetere sammen.

Friday, May 21

Something old

Eg har funne gamle photobooth-bilder, frå i haust.




Det er kjempevarmt i Oslo for tida. Har gått i kjole idag, og barbeint inni svette sko. Og køyrt bil og besøkt svigersøsken sånn. Og no er det kveld med øl, kvitvin og reker. <3
Imårra skal eg på Btiz for siste gang, og på søndag flyr Daniel til Roma. Og eg skal vere kjærestelaus i ei veke, hos svigers.

Friday, May 14

Grå fri-/fredag

Eg er definitivt ikkje ein cat person. Mine første innskytelsar då eg våkna klokka seks idag tidlig av høglytt, jamrande mjauing, var alle ganske voldelige(fotballkeeper-spark, tortur-isolatcelle osv). Kanskje eg har sett for mykje Rude Tube dei siste dagane.

Og ellers er dagen grå og eg går i matchande t-skjorte. Ingen forelesing å skulke, ingen nært foreståande innleveringsfristar og dermed null motivasjon til å gjere noko produktivt. Men eg har fått voksa meg + klart å rote bort lommebok.

Dagens diggaste: Solomon Burke - Cry to me

Wednesday, May 12

Svigerforeldre på Sagene

Eg og Daniel har flytta heimanfrå, og heim til mora hans. Det er ikkje så traumatisk som det høyres ut, sånn bortsett frå at det er to kattar her og eindel trafikkstøy.
Men ellers er det berre fryd, gammen, masse fin musikk og god mat. Dessuten er det enda kortare gåavstand til Blindern. Og frå og med imorgon blir vi aleine heime i fem dagar.

Ellers er tilværelsen urovekkande lite stressande for min del. Det einaste som stressar meg er at eg bør stresse over å finne ut kva eg skal skrive masteroppgåve om. Innleveringane som skal skrivast innen slutten av månaden og heimeeksamenen i juli er så langt unna, sola skin og det finst så mykje digg musikk.

Dagens: the Cure - Close to me & Interpol - Evil

Wednesday, May 5

Jeg vil ha en (liten) hund!

Eg passa ein Labradoodle-valp idag. 4 måneder gamle Yankee. Og det har vore heilt fantastisk. Her er masse bilder av two of my favourite things:
Daniel skulle lese pensum. Yankee virka også litt nyskjerrig










Og no har Christer vore her og henta han. Merker at eg sakner han allereie. Det er så deilig å ha hund! Å vere ute i sola heile dagen, leike, kose, småsnakke og ligge inntil. Eg vil/må/skal ha hund snart.

Sunday, May 2

Assignm$%&?#§

Vi må levere 4 Portfolio Assignments i vår. Læraren kallar det "å ta tran". Det smakar ikkje så kjipt, konsistensen er annleis, tar mykje lengre tid og er superfrustrerande. Dessuten øydelegg det for ein søndag i sola. Om to dagar skal eg levere Assignment 3 og eg er ganske nøyaktig 1/3 ferdig. Urk.

Føler meg litt hungover etter ei helg der eg egentlig ikkje har drukke så mykje. Kanskje er eg fyllesjuk i sympati med Daniel? Kanskje er eg lei meg for at det nye kameraet hans forsvann på byen på fredag, eller kanskje på grunn av litt andre ting.

....tilbake til canine narration-søket mitt.....

Wednesday, April 28

Chocolate Love

Igårkveld fekk eg denne meldinga av Ingvild:

Hei :) Hvis din kjære er ferdig på jobb og dere har lyst å dele en smak av Bergen mens dere ser resten av Paradise, sjekk ut Kiwi-posen med de grå skoene ;)



Verdens beste bestevenninne! Som veit at eg aldri pakkar ut før nokre dagar etter at eg er komen heim, og som overrasker meg med den beste sjokoladen som finst.

Monday, April 26

Back in Bergen

Lørdagen byrja sporty med Stolzen-tur
Eivind ute på ettårsdagsmiddag
meg og Tonje
ze boyz
kjærleik
walking on sunshine :)
1 år!
Store Lungegårdsvatn på veg ned frå Svartediket

Søt & sporty

Eg var tilbake i Bergen i helga, og det var veldig bra, trass i typisk Bergensver (0g typiske feilmeldingar frå yr.no). Rødvin, musserande, Sjokolade (x 3), Helen, Knut og ettårsmiddag. Ingvild og Eivind feira ettårsjubileum saman med Tonje, Andreas og meg. På Spisekroken. Nam! Koselig med utvida-familiemiddag og crazy Bertoni-historier, og digg å gå i oppoverbakkar.
Og snart flytter Ingvild til Oslo!
<3

Thursday, April 22

Askeangst

Eg har flybillettar frå Oslo til Bergen i morgon. Fine billettar slik at eg kjem fram midt på dagen, heile kvelden i Bergen til å lage tapas, drikke og gå ut. Men no ser det stygt ut. Alle flyplassane på Vestlandet er stengt, alle aktuelle tog er fullbooka, og det ser ut som om det einaste back up alternativet er å ta Haukeli-"ekspressen". Dvs ein buss som drar frå Oslo halv to og er framme i Bergen ti på tolv om kvelden :(
Kjiiiipt. Kryssar fingrane for at pilotane tør å ta ein sjangse, har nesten meir lyst på flystyrt enn å sette meg på helvetesbussen til Bergen.

I mellomtida skal eg lage og holde ein presentasjon om Brick Lane og diaspora i eit postkolonialsk perspektiv. Er akkurat ferdig med romanen, og no gjenstår berre ein heil masse teori. Dvs, no er eg på jobb, så siste del av leseskippertaket blir ikveld, etter at eg har laga deilig pastamiddag.
Og idag blir det bestemt kva som skjer med oppussing!

Sunday, April 18

Allsang & All you can drink

Eg og Daniel var i 65årsdagen til tante Audgunn på Lørdag. Klassisk Oltedal-samling: massevis av tanter, onklar, søskenbarn, ektefeller og barn, 11 sider med allsang, 3 store måltid skvisa inn på nokre timar, talar og god stemning :)
Onkel Einar og Inge leitar etter egg
Einar og Lars samanliknar eggejaktfangst
Ta'ziah og Gaute klare for frokost
Ved fossen nede på Bærums Verk
På kvelden fekk eg jentebesøk. Hilde, Ane
og Mariann
Kos
enda koseligare

fostersøster Ane
den o så classy bh-stropp-looken
posering på Fru Hagen


Det er søndag og eg er sliten, kanskje ikkje det beste utgangspunktet for å ta fatt på Leseveka med stor L. Kroppen angrar på alt den drakk igår og vil at eg skal være snillare med den. Men det var gøy. Og når den verste kvalmen og svimmelheten gir seg, så er ikkje dagen derpå er så ille. I alle fall ikkje om ein har selskap og ei dyne i kvart rom.