Eg var ute på Btiz igår for aller siste gang. Oppdateringar frå Tuva ("du la deg til å sove på sofaen og jeg dekka deg til for å minske innsynet fra dansegolvet") og alle småsår og blåmerker som plutselig har dukka opp rundt omkring på kroppen min, tyder på at eg var ganske full igår. Formen min idag er ein enda bedre indikasjon. Våkna klokka seks og gjekk på badet. Jenta eg såg i spegelen hadde på seg all sminken frå kvelden før, øredobbar og linser. Utover dagen idag har sminken forsvunne, og istedenfor er huda blitt rødprikkete. That alcoholic-look is so hot right now.
.....kjipt at det siste Daniel ser av meg før han drar til Roma er ein hestehale som stikk opp av ei blå bøtte.
Men no klokka halv seks er alt så mykje bedre. Eg har drukke varmt vatn, karra meg opp av sofaen (In Treatment er deilig fyllesjuk-underholdning) og dusja. Og straks er eg hos Kirsten, med sushi og SATC, så kan vi vegetere sammen.
No comments:
Post a Comment