Thursday, April 22

Askeangst

Eg har flybillettar frå Oslo til Bergen i morgon. Fine billettar slik at eg kjem fram midt på dagen, heile kvelden i Bergen til å lage tapas, drikke og gå ut. Men no ser det stygt ut. Alle flyplassane på Vestlandet er stengt, alle aktuelle tog er fullbooka, og det ser ut som om det einaste back up alternativet er å ta Haukeli-"ekspressen". Dvs ein buss som drar frå Oslo halv to og er framme i Bergen ti på tolv om kvelden :(
Kjiiiipt. Kryssar fingrane for at pilotane tør å ta ein sjangse, har nesten meir lyst på flystyrt enn å sette meg på helvetesbussen til Bergen.

I mellomtida skal eg lage og holde ein presentasjon om Brick Lane og diaspora i eit postkolonialsk perspektiv. Er akkurat ferdig med romanen, og no gjenstår berre ein heil masse teori. Dvs, no er eg på jobb, så siste del av leseskippertaket blir ikveld, etter at eg har laga deilig pastamiddag.
Og idag blir det bestemt kva som skjer med oppussing!

1 comment:

Anonymous said...

håper det åååårner sæ!!! god helg :)
tuva