Eg og Daniel har flytta heimanfrå, og heim til mora hans. Det er ikkje så traumatisk som det høyres ut, sånn bortsett frå at det er to kattar her og eindel trafikkstøy.
Men ellers er det berre fryd, gammen, masse fin musikk og god mat. Dessuten er det enda kortare gåavstand til Blindern. Og frå og med imorgon blir vi aleine heime i fem dagar.
Ellers er tilværelsen urovekkande lite stressande for min del. Det einaste som stressar meg er at eg bør stresse over å finne ut kva eg skal skrive masteroppgåve om. Innleveringane som skal skrivast innen slutten av månaden og heimeeksamenen i juli er så langt unna, sola skin og det finst så mykje digg musikk.
Dagens: the Cure - Close to me & Interpol - Evil
No comments:
Post a Comment