Friday, February 26

skulk

Eg skulka årets første forelesing idag. Fordi det snødde og Daniel var heime og eg hadde ein språkvask og...
....i bunn og grunn fordi eg ikkje gadd. Dermed har det blitt ein sløv fredag heime saman med ein tekst om body evaluation and coital onset. Men snart kjem Ingvild <3

Denne vekas sjelsettande opplevelse: å svømme rundt i Tøyenbadet og bli fanga mellom dei som svømmer altfor sakte og dei som svømmer altfor fort. Stanging, klaustrofobi, exit frå bassenget og ekstra tid i badstu. Ikkje så kjipt likevel.

Sunday, February 21

post-traumatisk kuldestress

Det snødde i Oslo på lørdag. Og det var ikkje så koselig som på dette biletet
Men Daniel visste råd. 3-4 raske glas med sherry...
...boblebad, te og sjokolade hjalp
Søndags formiddag på Bærums Verk

På lørdag sto eg ute i vind, snø og sur kulde i over 30 minutt og venta på trikken. Då den kom hadde eg endeleg byrja å gå heim, og blei nesten overkjørt av ein bil i det eg la på sprang over gata for å rekke trikken. Trur ikkje eg har vore så forfrossen og ute av meg før. Rosinen i pølsa var at dei ikkje hadde marshmallows i butikken. Tanken på å gå utan kakao med marshmallow i var nesten nok til at eg la meg ned på golvet i butikken og gråt. Som barn av Golfstrømmen er eg ikkje forberedt på den kjipaste delen av Oslo-vinteren, og blei dermed transportert tilbake til trassalderen.

Sunday, February 14

Kjærleik

reint og ryddig rom med oppreidd seng (!)
På søndags/valentinstur
begge blir oppmerksom på ei dame
som vil ta bilde av oss
vel framme i/ved Holmenkollen
zoom
barsk gutt
te-tørst
deilig valentinessjokolade
og snasent sollys
litt spontan middag
uten blits

Dermed har eg feira denne dagen i Oslo for første gang. Og sjølv om eg berre hadde nærkontakt med ein av mine to big loves, så fekk eg snakka nokre timar på telefon med ho som mangla.
Og eg fekk sett "Julie & Julia". Herlig film å ligge under dyna i sofaen, ete kakerestar og kose seg med.
No er det tilbake til kvardagen, Tine, dårlig trenings-samvittighet og masse ulese pensum.

Thursday, February 11

Juicy


I've got juuuuuice, it's multiplyin', and I'm loooosing control

Vi fekk 10 liter appelsinjuice på jobben denne veka. Kjøleskapet har ikkje vore så fullt på nokre veker :S
Ellers har eg vore på Nesodden for første gang. Fredfullt å ta båten frå Aker Brygge, som korresponderer perfekt med masse bussar, og køyre gjennom vintervillalandskap. Og når ein kjem fram; bli møtt av deilig lunch, nydelig utsikt og herlig skravling. Eg er ikkje blitt så mykje klokare på kva eg skal skrive semesteroppgåve om, men det er nokre dagar igjen av veka.

Sunday, February 7

Volleyball

Martin og laget hans OSI spelte kamp på Domus igår
og vi møtte opp som moralsk støtte




....og sjølv om dei tapte den kampen vi såg, så fekk eg mange stolt-storesøster-augeblikk. Dessuten fekk eg påpeikt nok eit familietrekk: å vere særs dårlige taparar.

Søndagen sålangt har gått med til herlig søndagsfrukost med påfølgande spotify-mimring gjennom alt frå The Real Mccoy til Opeth. Og snart: deilig dobbeldate-middag :D

Friday, February 5

fin fredag

Den starta kanskje ikkje slik, men no føles det som om det har vore ein av dei bedre fredagane. Starten på dagen var trøtt, forsinka, delvis uforberedt på forelesing og småsur. Det bedra seg ikkje då eg kom heim og stressa med å velge ut baderomsinteriør og grua meg til å ikkje kunne bu heime ein heil måned og blei litt skuffa over at den måneden kanskje kjem sånn ca i eksamensperioden.
Vendepunktet kom i form av trikketur ned til Astrup-Fearnley og Bjarne Melgaard si utstilling. Der fekk vi blant anna sjå bileta "Infect your friends" og "Homo Alone 3". Eg likte meg mykje betre enn eg hadde trudd og gjekk smilande og litt forstyrra derifrå. Og ikveld har vi sett "Sherlock Holmes". Ikkje heilt fantastisk film, men ganske bra til å vere Guy Ritchie, og veldig koselig å sitte i armkrok og dele kvikklunch-melkesjokolade.

Ja, og forresten: Wilco skal spele på Sentrum Scene 24 mai. !!!!

Saturday, January 30

Timåneders og bobler

Nydelige tulipanar frå Tove

Søt kjæreste i badekaret med masse bobler

Vi hadde timånedersdag igår, og på tirsdag er det 1 år sidan vi møttes første gang. Då skal vi prøve å gjenskape første date. Samme plass, kanskje ca samme kle, samme nervøse og, for min del, forskremte ansiktsuttrykk, og samtidig heilt annleis.
Men i mellomtida skal eg drikke meg full for første gang sidan nyttårsafta(!).

Thursday, January 28

Semesterstart

Det er rart å tenke på at dette er mitt siste semester med vanleg undervisning. Siste sjangse til å komme inn i gode vanar, lese alt pensum i god tid, stå opp tidleg, trene, vere sosial og økonomisk og aldri skulke. For til hausten er det blodig master-alvor.

Enn så lenge er det framleis berre januar og ein besøksrik februar er like rundt hjørnet. Denne veka er det Tove, den yngste eg kjenner som skal til å byrje på Doktorgrad. Dermed blir det mykje snakk om masteroppgaver og akademia og folk som ikkje høyrer heime der - feks ein kampsportentusiast som er igang med sitt 10 år på masterprogrammet i kunsthistorie ved UIB, og framleis ikkje har fullført og bestått dei første semestera på masteren. Samstundes går det ikkje ein dag med kvalitetsjentetid utan at eg siterer Sex and the City. Gårsdagens relevante situasjon var blinddaten til Miranda der ho utgir seg for å vere flyvertinne, dagen før var det tepose-over-alt-episoden osv
Må få Andreas til å ta med seg boksen min frå Bergen.
Og må få til enda meir kvalitetsjentetid framover. Og bli meir økonomisk, og gå til tannlegen og bestille hotell i Kyoto og og og.
Men aller først: sjå Daniel i dagslys for første gang denne innspurt-av-gruppearbeid-på-AHO-veka.

Tuesday, January 26

Meet the Parents

Først ein tur til Mamma, som tilbrakte mykje av tida på kontoret
eit snødekt Volda

peiskos
Dette venta oss på hotellrommet i Stockholm <3
Bjørn og Ingela etter deilig mat på Engelen

up/too close
slitne og salige

deilig frukost på rommet. Akkurat det som skal til for å overleve 2 timar i badstu og stamp :)
turist-pose ved tbanen
fornøgd med skalldyrsalat
og klar for litt shopping
Nordens Paris?




deilige appetizers på restaurant Lejonhornet
Hovedrett


søt gutt x 1
søt gutt x 2
sultry look
øltørst
happy

koseleg mor-sønn augneblink
Eg og Daniel kjørte til Seljord i helga, i dette monsteret av ein bil
...men eg krasja litt inn i porten når vi kom fram til Seljord
...
Fornøgde med å vere safe and sound tilbake i Oslo