Det er rart å tenke på at dette er mitt siste semester med vanleg undervisning. Siste sjangse til å komme inn i gode vanar, lese alt pensum i god tid, stå opp tidleg, trene, vere sosial og økonomisk og aldri skulke. For til hausten er det blodig master-alvor.
Enn så lenge er det framleis berre januar og ein besøksrik februar er like rundt hjørnet. Denne veka er det Tove, den yngste eg kjenner som skal til å byrje på Doktorgrad. Dermed blir det mykje snakk om masteroppgaver og akademia og folk som ikkje høyrer heime der - feks ein kampsportentusiast som er igang med sitt 10 år på masterprogrammet i kunsthistorie ved UIB, og framleis ikkje har fullført og bestått dei første semestera på masteren. Samstundes går det ikkje ein dag med kvalitetsjentetid utan at eg siterer Sex and the City. Gårsdagens relevante situasjon var blinddaten til Miranda der ho utgir seg for å vere flyvertinne, dagen før var det tepose-over-alt-episoden osv
Må få Andreas til å ta med seg boksen min frå Bergen.
Og må få til enda meir kvalitetsjentetid framover. Og bli meir økonomisk, og gå til tannlegen og bestille hotell i Kyoto og og og.
Men aller først: sjå Daniel i dagslys for første gang denne innspurt-av-gruppearbeid-på-AHO-veka.
No comments:
Post a Comment