Thursday, June 4

Deilige dialektar

Eg koser meg nesten på jobb. Eg er blitt satt til å ringe vestlandskundar dei siste dagane og snakkar med mange forskjellige småbutikkar. Digg å høyre alle dialektane. Det kundane seier blir plutselig så mykje meir hjertelig enn om det blir sagt på østlandsk. Plutseleg er "Gråådigt" og "Den e' go" sjarmerande...?!

Ellers går dagane kjempefort. Det er koselig å bu på Frogner. Å vaske kle i vaskekjellaren, støvsuge med antikk støvsugar, eksperimentere med fiskemiddag og sjå film. Filmopptur: "Das Leben der Anderen". Ein slags nedtur: "Lock, Stock & Two Smoking Barrels" (ikkje like fantastisk som eg huska. Litt tilsøla av dei seinare Ritchie-filmane, men framleis full av digg musikk). Og det er deilig å høyre på mine nye ynglingslydar, snufsing og "Electic Relaxation", gjerne medan eg ligg i badekaret....
Imårra skal eg late som om eg er student og har sommarferie.

Tuesday, June 2

Sol

funky fat
barsk skogsgutt
piknikstolar og oslofjorden i det fjerne
meir utsikt
mammas gamle solbriller
Romantikk i/på/ved Grefsenkollen

antydning til solbrenthet
tydelig solbrent


Eg har flytta denne helga og det var akkurat som Katrin spådde: eit helvete. Det verste var kanskje bilstressinga på lørdag. Det eg trudde var ein stasjonsvogn, viste seg å vere ein mercedes som vi ikkje fekk opp bagasjerommet på. Dermed sette vi kursen mot nærmaste bensinstasjon med tilhengarutleige. Kjipt at vi ikkje sjekka om bilen hadde tilhengerfeste... det fann vi først ut etter at vi hadde leigd tilhengaren. Dermed blei lørdagen og spesielt lørdagskvelden ultralang og kjip.

Søndagen var litt bedre. Sola skein framleis, det ordna seg med flytting av seng (takka vere den fantastiske familien Bruaset og deira stasjonsvogn) og eg blei endelig ferdig med leilighetsvask. Dermed blei det ein ganske behagelig kveld med grilling, rødvin, kos og deilig søvn.

...men mandagen var det aller aller beste. Frukost i Frognerparken, sol (til den store solbrentmedaljen), lang gåtur, kjøretur, luksuspiknik ved Grefsenkollen, tilbakelevering av bil og deretter deilig sofakveld. Dagen var fantastisk frå jordbæra til frukost og fram til den smelta sjokoladetrøffelen til kvelds. Årets- og Oslotilværelsens udiskutable høgdepunkt.

Friday, May 29

All things must pass

Etter to netter hos Gunhild og Kristian + to eksamenar, passa det veldig godt med ost, kjeks, musserande og sjokolade
..og AFHV, gigantiske vinglas og nydelige Linn
tidlegvakt og eksamen og gledelig gjensyn resulterer gjerne i slitne glis
herlig epletre i hagen på Singsaker
herlig jente
under epletreet
digg restefrokost
Linn sitt rugbrød
Oppover Munkegata
Nedover Munkegata

Eg har vore i Trondheim og hatt eksamen. Det føles heilt fantastisk og litt uvirkelig å vere ferdig. Den eine gjekk ganske bra, den andre ganske dårlig. Men eg er ferdig uansett, og eg har sansynligvis fått ok karakterar. Og no kan eg lese akkurat det eg vil, for kosens skyld. Feks "The Yellow Wallpaper" av Chalotte Perkins Gilman. Eller "Reisen til nattens ende" av Louis-Ferdinand Céline. Eller perezhilton :P

Imårra blir det flytting. Rydding, pakking, vasking, kjøring og bæring.
Men før det; tomåneders. <3

Monday, May 25

Eksamensførebuingar


utsikt frå verandaen vår

sol

pause frå lesinga :P

akkompagniert av Martin

Tuva på besøk

Martin's choice

Kiwikake

På kiwielskaren sitt initiativ.

Snakes on a Plane var visst ikkje så spennande

heller ganske søvndyssande.

Og imårra har eg første eksamen.

Saturday, May 23

Let's talk about sex


Ein koseleg uskuldig kveld heime med Martin og Guro

Sånn ca.

Interessant veggpryd på Barcelona med søstrene Bruaset

Tomt for tapas.

Ze girl with ze glasses

på 17-trikken

"vi skåler i pepsi max"

snill katt

The Breakfast Club

Den vene vertinna

fletting

mmmmmelon

venninner og heltinner

på vei til shopping på full mage og tom konto.

Friday, May 22

Friday I'm in love

Kristi himmelfartsdag var skikkelig bra i år. Dei siste åra har den stort sett vore nok ein lesedag, utan fri (det skulle den kanskje vore i år også, men...). Og det var litt fint å feire at det har gått ti år sidan tidenes verste Kristihimmelfartsdag; konfirmasjonen min. Gårsdagen var herlig avslappande. Laaaang og digg frukost i sola, masse kos, koselig spasertur i regnet til ein for meg ny del av byen (Ullevaal Hageby) og vips; 40tommers flatskjerm, bluerayspelar og Little Miss Sunshine.

Ellers var ikkje onsdagen så kjip den heller. Superkjipt på jobb og superdeilig etterpå. Nasjonalgalleriet, sushi og sjakk(!). Og inga pensumlesing...:P

Monday, May 18

Something different


Ganske tidleg på morgonen

champagnefrukost (flasker, snus og dus)

Pretty in pink

Glis

Sollys

Utolmodig russeveteran på brua i Cubaparken

Slitne, glade

og salige.

I år feira eg 17. mai i Oslo for første gang. Det var ganske annleis frå dei føregåande feiringane i Bergen. Å vere gjest istedenfor vertskap, å innta mine første alkoholeiningar tidleg på dagen, å få litt farge, å møte masse nye menneske, å irritere seg over at ein ikkje får kryssa elva for så å finne ut at det er Kongen som er hindringa, å oppleve guttar som drikk seg apefulle, å bli blenda av nybleika tenner og å reise rundt i taxi og og og.
Nokre aspekt ved feiringa er like på Vestlandet og Austlandet; utmattelsen som skyller over meg når dagen går mot slutten (i går så tidlig som i sjutida). Då er det deilig å ta av seg pensko, kjole og linser, legge seg i ei slags fosterstilling på sofaen og prøve å følge med på America's Funniest Home Videos. Og drikke svensk rett i koppen-suppe. Og sløøøøve.