Eg koser meg nesten på jobb. Eg er blitt satt til å ringe vestlandskundar dei siste dagane og snakkar med mange forskjellige småbutikkar. Digg å høyre alle dialektane. Det kundane seier blir plutselig så mykje meir hjertelig enn om det blir sagt på østlandsk. Plutseleg er "Gråådigt" og "Den e' go" sjarmerande...?!
Ellers går dagane kjempefort. Det er koselig å bu på Frogner. Å vaske kle i vaskekjellaren, støvsuge med antikk støvsugar, eksperimentere med fiskemiddag og sjå film. Filmopptur: "Das Leben der Anderen". Ein slags nedtur: "Lock, Stock & Two Smoking Barrels" (ikkje like fantastisk som eg huska. Litt tilsøla av dei seinare Ritchie-filmane, men framleis full av digg musikk). Og det er deilig å høyre på mine nye ynglingslydar, snufsing og "Electic Relaxation", gjerne medan eg ligg i badekaret....
Imårra skal eg late som om eg er student og har sommarferie.
No comments:
Post a Comment