Tuesday, June 2

Sol

funky fat
barsk skogsgutt
piknikstolar og oslofjorden i det fjerne
meir utsikt
mammas gamle solbriller
Romantikk i/på/ved Grefsenkollen

antydning til solbrenthet
tydelig solbrent


Eg har flytta denne helga og det var akkurat som Katrin spådde: eit helvete. Det verste var kanskje bilstressinga på lørdag. Det eg trudde var ein stasjonsvogn, viste seg å vere ein mercedes som vi ikkje fekk opp bagasjerommet på. Dermed sette vi kursen mot nærmaste bensinstasjon med tilhengarutleige. Kjipt at vi ikkje sjekka om bilen hadde tilhengerfeste... det fann vi først ut etter at vi hadde leigd tilhengaren. Dermed blei lørdagen og spesielt lørdagskvelden ultralang og kjip.

Søndagen var litt bedre. Sola skein framleis, det ordna seg med flytting av seng (takka vere den fantastiske familien Bruaset og deira stasjonsvogn) og eg blei endelig ferdig med leilighetsvask. Dermed blei det ein ganske behagelig kveld med grilling, rødvin, kos og deilig søvn.

...men mandagen var det aller aller beste. Frukost i Frognerparken, sol (til den store solbrentmedaljen), lang gåtur, kjøretur, luksuspiknik ved Grefsenkollen, tilbakelevering av bil og deretter deilig sofakveld. Dagen var fantastisk frå jordbæra til frukost og fram til den smelta sjokoladetrøffelen til kvelds. Årets- og Oslotilværelsens udiskutable høgdepunkt.

No comments: