Sunday, April 15

Aaaargh!

Mongohanna. Plutselig finn eg ut at eg skulle ha levert to oppgaver i kukfaget sosiolingvistikk, for å kunne gå opp til eksamen. Hm. Og eg som hadde gjort alle grammatikkoppgavene mine og alt. "#¤¤%&(¤&%"

Dessuten har eg bitemerke på haka. Aiaiai.

Tuesday, March 27

Skye Blue Skye

Ah. Wilco på øyret, sol, kiwi og blåbærjuice med isbitar i.
Bergen har vore heilt fantastisk i det siste. Eg er i gang med eit nytt og (litt) bedre liv.
Diverre gjeld ikkje dette skulearbeid. Har ikkje gjort noko med engelskoppgåva som skal inn imorgon. Istaden har eg jobba og sagt Ja til enda meir jobbing ved ein vidaregåande skule. Eg var der idag. Første gang eg underviser på vgsnivå. Ein tredjeklasse, i historie. Det var så kjekkt! Sjølv om det var ein påbyggingsklasse, berykta som verstingsklasse og full av umotiverte guttar og jenter. Fascisme, Nazisme og WW2.

.....og snart påske.....

Sunday, March 18

Familiedag

Brødrene mine er ganske ofte på besøk, men antall familiemedlem her idag tok kaka (eller sjokolademuffinsen). Martin, Andreas, Nick og Ane. Alle var sånn ca like koselege, sjølv om dei to førstnevnte kom lovleg seint. Merker at dette kan bli ei tung veke, på fleire måter. Fysisk tung pga diverse konsum den siste tida, fysisk på ein annan måte pga treningsløfta til meg og Ida og psykisk tung pga engelskoppgava. Menmen. Det er jo mars. Og snø. Og sol. Og regn. Og muffins.

Thursday, March 15

Sår hals

Rart kva ein kan få etter ein dag i eit litt bråkete andreklasse. Skuledagens morsomaste:
at 7åringane spurte og å få høyre på og digga den der "Blow my whistle bitch" låta i matpausen.
Dagens kjipaste: å prøve å ta ein buss som stopper 100 meter frå huset mitt, men feilberekne, slik at eg måtte gå frå andre sida av Puddefjordsbrua.

Og dagens gladmelding: Øystein var med på ein quiz i regi av skulen hans, der alle fire på vinnarlaget får kvar sin mac. Laget hans vann. !!!

Tuesday, March 13

Baby


Eg fekk låne Sarah av Janne idag. Dvs, Janne hadde obligatorisk undervisning og sånn.
Uansett. Det var kos. (take that Ida)

Helga var akkurat passe skandaløs, forfylla, rotete og rolig. Denne veka kjem Nick på besøk. Det blir også ganske kos.

Saturday, March 10

I like to melt stuff....



Under ein bedre middag, dvs greske wraps sammen med bedre folk, dvs Ida, Ole, Lars Erik og Øystein, skjedde dette. Plastikkfjøl på varm steikeplate. Smeltaplastikkgassar på kjøkkenet og lattermildhet. No er det plastikk overalt på kjøkkenet, på alle dei beste knivane. Og eg er blitt litt meir brannbevisst, kanskje.

Monday, March 5

From Mandal to Madrid

Ein av dei mange sterkt traffikerte delane av ikkje Mandal, men Madrid. Fine hus også.
Første dagen var vi på Pradomuseet. Plutseleg ser eg eit bilde eg har sett før (dog på ein kortstokk) - nemlig portrett av Bloody Mary.
Neste dag var vi i Nasjonalgalleriet Reina Sofia. Der var det mange Dalibilder. Blant anna dette, som eg kjøpte plakat av, men som på mystisk vis (aka Martin eller Mamma mista det ut av posen) forsvann på flyturen heim.
Palacio Real. Fint palass, fint ver, passeleg mange turistar og god is. Sweet!


Den siste uka har vore prega av reising. Til plassar som byrjar på M.
Mandal var den plassen eg hadde tenkt mest på og uroa meg litt for. Madrid blei berre ein slags etterpåklatt. Men ein veldig bra slags etterpåklatt.
Ting eg har lært:
-con og sin betyr med og utan.
-Spanjolar er lågare enn nordmenn og har litt fucka eterytme. Dessuten er dei dårligare til å snakke og forstå engelsk.
-det er kanskje ikkje (sosialt) akseptert å ete på metroen.
-Mødre ser for seg at døtrene deira blir voldtatt og rana overalt. Stort sett utan rot i røynda(ooh, fint ord).
-Navnet på nokre tbanestasjonar.
Uæh. No høyres det kjedelig ut. Det var ikkje kjedelig. Det var tvert imot ganske koselig og sånn. Og no er eg tilbake. Til pensum. Og ikkje-eksisterande-sjølvdisiplin.
Men kva gjer vel det; til helga har eg (kebab-)bil og fest. Og Lars Erik kjem :)

Monday, February 26

det andre....



...var mange centimeter med dårlig lokalavis og blad. Apropos dårlige lokalaviser; kvifor har Avisa Nordland byrja å dukke opp i postkassa vår, adressert til meg?!?!

Ding Dong - The Psycho's gone!







Sjekk ut den überkule musikksmaken hans. Desse cdsinglane lot han ligge att.

Det er så utruleg deilig å vere her. Utan han. Så får det heller våge seg at han la att litt meir enn berre cd singlar....

Sunday, February 25

Snøen som falt ifjor





eller akkurat no.


Denne helga. Rett før mars. På Norges Californiakyst, ifølge ei eller anna Kristiansandprkåtpolitikerdame.


Dermed blei det lite av hytteplanane. Vi har vore heime med familien. Sett mykje film (ja Anders; ca tusen), konsumert altfor mykje mat, sett fast bilen i snøfonn, blåst bort i snøføyken på våre små spaserturar og kost med katten. Katten er så koseleg! Og gravid. Dessuten har vi spela Buzz.


...men Bergen blir fint. :)

Tuesday, February 20

New Quiz on the Block

Endelig var vi på quiz igjen. Olem, Ida, Knut, Øystein og eg. Og vi vann!
Kanskje fordi eg visste at "I Give You My Heart" var ei Mr. President-låt, også kjent for Kokojambo. Kanskje fordi Knut kan sin latin eller fordi... tja. Mange ting.
Crispo, stratos og billettar til konsertar eg uansett ikkje får gått på.

Imorgon ventar lang skuledag. Kor lang? Ca tusen. Og kor mykje lekse og førebuingar har eg gjort? Ca ingen. Aiaiai.
Kanskje eg skal sende meg sjølv til drømmeland med ein kopp Horlicks? Kanskje.

Negertårer

Igårkveld laga eg thaimiddag og såg "The Colour Purple" med Ida, Ingvild og Øystein. Det er litt flaut å grine av ein slik film. Så forutsigbart. Den er orkestrert akkurat slik at ein skal begynne å grine. Til mitt forsvar grein eg fordi sluttscena minna meg om "Homeward Bound: The Incredible Journey". Når Golden Retrieveren kjem til syne og halter bort til gutten.

Uansett. Idag står mindre tåredryppande sysler på programmet: engelsk grammatikk, litteratur, middagsdate og pub quiz. Og snart: pakking. Og busstur. Og skrekk-og-gru-møte-med-ukjente-men-samstundes-kjente.....

Men først to dagar til med Bergenskos og -stress.

Saturday, February 17

nyhet!

Eg har fått meg ny laptop, og Tuva er på besøk. Begge er del i dette bildet.






Det er kjempefint med ny laptop. Og internett som fungerer. Og grapefuktjuice. Og smågodt(til eg blir ca like kvalm som Ida blir). Langhelg er sweet.

Tuesday, February 13

Move on up!

God damn så digg! Dagen idag altså. Igårkveld var forsåvidt ganske digg også. Herlig middag sammen med herlige Ida. Ole kom etterkvart og det blei tpspeling og pornosurfing. Vi lyktes i vår plan om å gjere Ole flau mens han snakka på telefon med faren. Rart kva du kan finne. Fatsluts, hairysluts og fuck that midget.

Satte muligens ny personlig rekord i å stå opp og komme meg på jobb idagtidlig. Bussen gjekk klokka 07.00 frå busstasjonen. Ein halvtimes busstur seinare var eg i Sørheimsgrenda, på skolen der, meir eller mindre klar til å undervise ein fjerdeklasse. Det gjekk overraskande smertefritt. og....

....dagens store høgdepunkt: å åpne postkassa, finne brevet adressert til meg frå universitetet i Bergen. Holde det i hendene på vei opp trappa, sei til meg sjølv "det blei sikkert C. Kanskje blei det D. Det gjer uansett ingenting. Jeg klarer meg osv" for ikkje å bli skuffa. Så åpne det og lese at min nye og endelige karakter på bacheloroppgava er B. ! Så gråte litt av glede + litt av at den første kuksensoren ikkje sparte meg bryet og tårene.

Thursday, February 8

O store middelmådighet

Eg leverte nettopp ei diktanalyse. Ei skikkelig middelmådig diktanalyse.
Da er det fint med Pondus




Tuesday, February 6

Ca tusen kjøttkaker

Det kjennest ihvertfall sånn. På søndag blei det ganske mange på litt stressa søndagsmiddag. Stressa fordi Lars Erik skulle nå ein buss og potetene vegra seg mot å bli gjennomkokt. Men det var kjempekos. Akkurat som post-badminton&dusj-kjøttkakemiddagen igårkveld. Med surkål:)

Helga var kjempefin. Escalon, Airport og brownies på fredag. Kjappt besøk av Martin, kvitvin hos Ida og ei kvitvin til hos Lasse på lørdag. Kveldens udiskutable høgdepunkt: Teglverket på Kvarteret med superduperdj-Ole. Bra folk, bra musikk og mange glas vatn. Koselige fyllemeldingar og søvn.

Idag er det litt blåtirsdag. Eg fekk nettopp mail frå chess om at mobilforbruket mitt i januar var på ca 1500kr. 1100 av desse var utanlandsrelaterte. Urk. Dessuten har eg skulka forelesing og orker ikkje skrive engelskoppgave...

...men sola skin frå skyfri himmel, eg har ein halv pakke salta gresskarkjerner, skal møte fine folk på Zupperia og så på quiz. Such a perfect day. :)

Friday, February 2

Bange anelser

Igårkveld hang eg litt med sjuke (fysisk, ikkje så veldig psykisk) Ida og Ole. Vi avtalte at eg og Ida skulle komme oss opp, møtes klokka ni og dra på skulen. Eg advarte og sa at dersom eg ringte på klokka ni, måtte vente lenge før ei veldig tydelig nettopp-våkna-av-ringeklokka-Ida kom bort til intercom'en og sa "....hallo? Sorry. Jeg har forsovet meg"(med verdens trøttaste og mjukaste stemme), vel, da....
Eg kom vel ikkje med nokon direkte trussel. Måtte stikke for å spele Norgesquiz på kvarteret(der eg lærte at Roald Amundsen nådde Sørpolen i 1911. Samme år som Hurtigruta begynte å segle strekninga Christiania-Vadsø på 7,5 døgn).

Eg skulle nok fremma ein direkte trussel. Ein med sterke ramifikasjonar(dersom det er eit norsk ord. Også dersom det ikkje er det, forresten).

Håper Ida kjem snart. Koselige Ida:)

Wednesday, January 31

Trekkspillfest anyone?

Eg er keen på fest i helga. Ida er keen på temafest i helga. Foreslått tema: trekkspill. Tja...

Gårsdagens sitat, fra min kjære Martin:
-Har du og sånn mjuk hud under pungen, Øystein?

Igår baka eg brød. Dei heva, blei store og fine. Dei lukta godt og smakte akkurat så godt som nybaka brød skal smake. Men idagtidlig var dei tørre og smulete....snufs.
Likevel satser eg på at hanna og idas fantastiske matpakke idag svarer til forventningane.

Andre planer for dagen: finne mobiltelefon, rydde rommet, vere flink, få til å sove.

Tuesday, January 23

Stjernesludd

Ikkje heilt enda, men snart. Igår byrja det å snø. Mykje snø. Eg og Øystein gjekk opp til Kronstadveien. Eg turte såvidt å bruke den styggfine lua eg fekk av guttane til jul. Vel oppe var det Per sitt bursdagsselskap. Merker at venninnene hans er nettopp det; venninnene HANS. Men det var ganske koseleg. Sjølv om Norge tapte.

Idag prøver eg å gripe fatt i alt som skal gjerast. Alle forelesingane(imorgon har eg fire forelesingar og seminar på rad. To av kvar, men likevel), obligatoriske innleveringar, ukjøpte pensumbøker og studieveka. Ah. Det deilige med engelsk på Uib; ei heil veke fri.

....og ikveld blir det quiz. Sweet!

Sunday, January 14

Total Eclipse Of The Heart

(haha)


Den foerste veka i England gaar mot slutten. Det har vaert litt fint, litt mettande og litt kjedelig.
Foerst stress med aa rekke toget fra flyplassen, men herlige Norwegian landa i god tid, og alt gjekk kjempebra.
Deilige, rolige dagar med Ingvild. Trist daa ho dro. Merker at det er altfor lenge aa vere borte fra dei gode, fine folka.

Uansett. Her er nokre inntrykk og oppdagingar:

Dronninga faar stadig meir dobbelhake for kvar aar dei trykker nye myntar.

Kusina mi har tatt opp pole dancing som hobby. Ho har til og med faatt installert ei stang i stua(noko som visstnok har foraarsaka skader i taket, menmen). Bestemor virker litt flau. :-P

Arctic Monkeys er fraa Sheffield, byen eg er i denne helga(i det kjempefine huset til tantene mine). Tekstane deira er minst like bra som dei fengande laatane. Eg blir dessuten aldri lei.

Musikalar er ikkje like kjip underholdning som frykta. Saag "Fiddler on the Roof" igaar, fraa tredje rad. Og nei, greit; Den heiter ikkje "Karlson paa taket" paa norsk, men heller "Spelemann paa taket".

Savnet eg laerte aa kjenne i juleferien er ingenting mot det eg kjenner no.
Heldigvis mindre enn ei veke til eg er 100% lukkeleg igjen. Og tenk: Fest!