Friday, September 9

Program

Magnus er 7 veker gammal og var på 6-vekerskontroll igår. Alt sto bra til, men fekk beskjed av helsesøster om å vere forsiktig med program - og sette av tre dagar i veka der eg har 0 avtalar. Denne veka var ikkje ei slik veke:

Mandag: Spikkestad
Tirsdag: Astrup-utstillinga på Henie Onstad saman med Inga&Hedvig (og ca alle kunstinteresserte pensjonistar i Oslo-området)
Onsdag: besøk hos Tone og Thora på Nesodden saman med Kaja
Torsdag: helsestasjonen 
Fredag: Linn og Lars på middagsbesøk
Lørdag: frokost med Andreas, Tonje Margrethe og Isak + bursdagsfeiring hos Tuva på Skullerud 

Men, har fått deilig avlastning også.

På tirsdag henta Ingvild Frida i barnehagen og tok ho med heim på handling 
Og middag og leiking. Perfekt mengde voksenoppmerksomhet for Frida, og perfekt avslapping med kun 1 barn for oss. 

På nettene har eg vent meg til å dele seng med denne gutten (Daniel søv på sofaen på vekedagane for å få så mykje søvn som mulig). 

På kveldane vekslar eg mellom å sjå dokumentaren om OJ og å sjå ned i fanget på Magnus 


Han liker bading 

Og Frida liker solbriller. Ho er til og med villig til å dele 

Så, det har vore ei fin veke sålangt, og får heller prøve å senke ambisjonsnivået neste veke, kanskje. 

Monday, September 5

Monday ain't no fun day

Takka være NSB har eg hatt min kjipaste mandag på lenge. 

Magnus og eg bestemte oss for å reise kollektivt til Spikkestad for å kunne slappe av, sove og amme på vegen. Lite visste vi at det ville bli to lange totalstopp i all togtrafikk på Østlandet. 

Det endte med at det som skulle vore eit 2-3timar langt besøk i Spikkestad endte på under 30 minutt. 

Men vi fekk i alle fall truffe mamma før avreise til England og eit halvår i Birmingham. 

Fekk sitte på med Martin tilbake til Skøyen, sidan heller ikkje flytoget var oppe og gjekk. 

Deilig å vere heime igjen. 

I helga har vi øvd oss på å ta selfies med Magnus 
Practice makes....slightly better 

Igår var vi på søndagsmiddag hos Ingela og Bjørn 

Daniel fekk ein etterlengta ettermiddagslur - tobarnsforeldretilværelsen tar på

Og Frida fekk kvalitetstid med bestemor. 

Thursday, September 1

"Vil ikke!"

Dette har vore the Soundtrack of our lives i det siste. Frida testar grenser og blir rasande så ofte og så heftig at det krevs meir tolmodighet enn vi to har tilsaman. 

Apropos foreldre-skills som vi manglar: 
På søndag tenkte vi å komme oss ut før regnet kom og skyndta oss ut til bilen og satte kursen mot Bygdøy. På vegen byrja det å regne og vi oppdaga etterkvart at vi ikkje hadde med regntøy, paraply, våtservietter eller bleier. Major (og smelly) parenting fail. 

Men når ho ikkje er sint og vi ikkje er heilt utslitte, så er det utrulig koselig. Slik som her: 

Animal hospital er nesten like gøy som animal Airport. 

Og Magnus smiler stadig meir, til og med på bilde.

Har byrja å bruke nokre kle i str 62/68 (og søskenbarn Johannes sin Newcastle-smokk)

Mens polarn o pyret sine kle i str 56 framleis passar (med eit nødskrik)

Eg har vore litt meir ute på dagtid og prøvd å late som om eg ikkje er supersliten (fake it til I make it, er planen)

Trilla til Kristin på lunch igår
Kor det er barnebøker slik som dette i hyllene 
Ikkje akkurat feelgood-bestselgarar...
Og idag er ein slik dag: dersom eg vil få gjort eller lese noko, må Magnus vere med. Dersom eg vil slappe av på sofaen, må han ligge oppå. Ellers blir det skrikorama. Og dei siste nettene, frå 24-02, har det vore skrikorama sjølv med kroppskontakt, amming og smokk. Satser på at det er ein (kortvarig!) fase. Og at det snart forsvinn saman med
Frida sine raseriutbrot. 

Saturday, August 27

Smakløs

Igårkveld skulle vi hatt Ana, Kyle og Sigbjørn på middag, men var så sjuke og slitne (=sjukt slitne) at vi avlyste. Hadde likevel salmalaks, rødbeter og sellerirot som måtte brukast, då laga ein gammal klassiker frå Tine-tida:
Urtebakt salma. I teorien veldig tasty, men i praksis: vi smakte ingenting. 

Fulgte opp med ein smakløst feelgood film: 
Er mange år siden eg har sett ein så elendig film. Kvalm, tannløs og sjølvsagt feelgood. Håper i det minste Deniro fekk godt betalt. 

På kvelden var Magnus slik: 
Mens på natta var han superkjip. So much for å få sove ut og lade batteria før Oltedaltreffet idag....

Friday, August 26

Sjuklinger

Denne veka har vi fått smake litt på tilværelsen som moderne familie på fire. Frida har tatt med seg smitte heim frå barnehagen, og vi er alle litt sjuke og snørrete. Baby med tett nase er ei ny ammeutfordring, men eg fekk sove nokre timar til saman likevel.

Magnus har vore litt meir våken denne veka, og krevd hyppigare amming. 

Har har riktignok sovna eindel ved brystet også - og vakse ut av str 56.

Vi har prøvd oss fram med ulik middagsmat i barne- og voksenversjon. 
Her er voksenversjonen: 
Quinoasalat med chevre 👌

Tre slitne <3

Idag er det planleggingsdag i barnehagen, så morgonen blei prega av mindre søvn og meir wall-e og weetabix("mållii" og "bestebix")

Har vore på formiddagsbesøk på Skullerud hos tante Tuva

Oppvask er ca det kjekkaste Frida veit for tida. Helst med mest mulig vatn-søl. 

Sunday, August 21

Søvnig søndag

Det har vore ei rolig helg med mykje kvalitetstid. 

Magnus har veksla mellom å sove, ete og vere våken i akkurat passe intervall for å få til amming. På natta har han sin lengste samanhengande soving (i natt frå 01-05.30). 

Vi er likevel ganske trøtte på morgonen og prøver å utsette å stå opp ved å samle alle i senga. 

Det sikrar oss riktignok kun ein liten halvtime ekstra under dyna. Frida har god appetitt også til frokost....

Daniel og Frida tok begge på seg caps ("keeeps") og tok turen ut i parken

Close up

Testa solbrillene ("solebrille"), men det er ikkje så fint vêr idag.

Så kom Mari, Jan og Elna på besøk. Vi serverte fylte galettes og ein slags trifle til dessert med nektariner i - noko som dessverre forårsaka allergiske reaksjonar frå Mari og Jan, og allergitablettane til Daniel fekk bein å gå på. 

Ei fredelig stund ved leandervugga (som vi låner av Inga og Christer, og som Magnus søv stadig mindre i).

Kort tid etter: litt mindre fredelig. 

No kan den siste veka i august berre komme - dersom Magnus held fram med å sove og ete slik han har gjort i helga blir det ei koselig veke med forhåpentligvis stadig tydeligare smil enn dei første han ga meg idag. 

Friday, August 19

1 month



Magnus er ein måned gammal idag (og ca 5.3kg). Dermed er han ein stor baby i norsk målestokk, og ein gigababy i italiensk målestokk - i alle fall passar Thun-bodyen i str 6 mnd no. 

Han er stadig meir våken: 
Og Frida er framleis ei entusiastisk storesøster. Her er ho riktignok mest oppslukt av Wall-E ("Måli og vennen hans" og "rompesjuven" (aka romskipet)). 

I tillegg til Wall-E på repeat har eg endelig sett "Olive Kitteridge", hørt ferdig Lena Dunhams "Not that kind of girl" og starta på "Where'd you go Bernadette" av Maria Semple og "A Little Life" av Hanya Yanagihara. Eg ligg framleis nokre titals bøker att i min reading challenge, men med 4 permisjonsmåneder igjen og ein stort sett snill baby, kan det kanskje gå.