Friday, September 9

Program

Magnus er 7 veker gammal og var på 6-vekerskontroll igår. Alt sto bra til, men fekk beskjed av helsesøster om å vere forsiktig med program - og sette av tre dagar i veka der eg har 0 avtalar. Denne veka var ikkje ei slik veke:

Mandag: Spikkestad
Tirsdag: Astrup-utstillinga på Henie Onstad saman med Inga&Hedvig (og ca alle kunstinteresserte pensjonistar i Oslo-området)
Onsdag: besøk hos Tone og Thora på Nesodden saman med Kaja
Torsdag: helsestasjonen 
Fredag: Linn og Lars på middagsbesøk
Lørdag: frokost med Andreas, Tonje Margrethe og Isak + bursdagsfeiring hos Tuva på Skullerud 

Men, har fått deilig avlastning også.

På tirsdag henta Ingvild Frida i barnehagen og tok ho med heim på handling 
Og middag og leiking. Perfekt mengde voksenoppmerksomhet for Frida, og perfekt avslapping med kun 1 barn for oss. 

På nettene har eg vent meg til å dele seng med denne gutten (Daniel søv på sofaen på vekedagane for å få så mykje søvn som mulig). 

På kveldane vekslar eg mellom å sjå dokumentaren om OJ og å sjå ned i fanget på Magnus 


Han liker bading 

Og Frida liker solbriller. Ho er til og med villig til å dele 

Så, det har vore ei fin veke sålangt, og får heller prøve å senke ambisjonsnivået neste veke, kanskje. 

No comments: