Sunday, August 21

Søvnig søndag

Det har vore ei rolig helg med mykje kvalitetstid. 

Magnus har veksla mellom å sove, ete og vere våken i akkurat passe intervall for å få til amming. På natta har han sin lengste samanhengande soving (i natt frå 01-05.30). 

Vi er likevel ganske trøtte på morgonen og prøver å utsette å stå opp ved å samle alle i senga. 

Det sikrar oss riktignok kun ein liten halvtime ekstra under dyna. Frida har god appetitt også til frokost....

Daniel og Frida tok begge på seg caps ("keeeps") og tok turen ut i parken

Close up

Testa solbrillene ("solebrille"), men det er ikkje så fint vêr idag.

Så kom Mari, Jan og Elna på besøk. Vi serverte fylte galettes og ein slags trifle til dessert med nektariner i - noko som dessverre forårsaka allergiske reaksjonar frå Mari og Jan, og allergitablettane til Daniel fekk bein å gå på. 

Ei fredelig stund ved leandervugga (som vi låner av Inga og Christer, og som Magnus søv stadig mindre i).

Kort tid etter: litt mindre fredelig. 

No kan den siste veka i august berre komme - dersom Magnus held fram med å sove og ete slik han har gjort i helga blir det ei koselig veke med forhåpentligvis stadig tydeligare smil enn dei første han ga meg idag. 

No comments: