Thursday, June 2

Work to do

Dei siste dagane har vi ordna eindel ting. Sånn som ferie og bryllupsplass.
Men først feira vi bursdagen til Martin.
Bursdagsbarnet og Hallvard speler fifa

og eg fekk endelig gitt bort kortet som eg har hatt liggande ei stund

og leita etter nokon eg kan gi det til som helst ikkje har blitt forlatt av nokon som har skifta legning

Luna og tante Tuva
The Lady of the House
Som laga deilig pizza og dertilhøyrande syndige brownies
Luna slapper av på det hårete låret til Martin
Denne har fått innpass heime..... føles litt dommedags-aktig å sei ja til PS3, sjølv om/fordi Daniel også kjøpte eit treningsspel.
....dei kjeksa var heller ikkje det luraste å sleppe inn i leiligheten
På tirsdag var vi ute på tur for å sjå på bryllupsplass.
Luna godkjente
og vi godkjente også. Villa Malla - nydelig plass og digg mat!
Beautiful. Nesten like ille som det episke studentkort-bildet mitt.
Vel heime med vekas andre laksemiddag.
Luna soler seg på den akk så skitne verandaen
Nydelige master-peoner frå Inga
Og bekreftelse på reservasjonen vår - 10 mai 2013. !!!
....og rein veranda.

Det føles veldig voksent å bestille bryllupslokale og sette ein dato. Freaky å måtte vere så tidlig ute med å bestille. Og spare til depositumet som snart skal betalast.

Ellers har vi endelig fått fingeren ut av rompa og bestilt ferien i sommar. Fly frå Oslo til Mykonos, båt frå Mykonos til Athen, hotell i Athen, fly frå Athen til Paris, hotell i Paris, tog tur-retur Paris-Vannes, fly til Stockholm og til slutt tog frå Linköping til Oslo. Og alt imellom er Familieferie. Ganske voksent det også.

...ja, og så er eg blakkare enn blakkast, og har sagt ja til å jobbe masse framover. Tine + språkvasking i fire veker og så ferie. <3

Sunday, May 29

Vakum

Eg leverte masteroppgåva mi til trykking tirsdag kveld. Imårra skal eg hente ni trykte eksemplar og levere fire av dei til instituttet.
Det føles heilt uvirkelig å ha levert, og eg tar meg sjølv i å ikkje vere like initiativrik og flink som eg hadde tenkt å vere, i kjølvatnet av masterinnleveringa.
Det har vore mest kvardagsliv.


Årets første (og forhåpentligvis siste) påskeegg. Luna er minst like keen som Daniel.
Ein hund etter sjokolade
og kos.
Inspirert av artikkelen i A-Magasinet lagde eg folkelig(ketchup), billig(fiskekaker) og sunn(grønsaker) mat. Mamma skammar seg sikkert på mine vegne.
Guro, Ben, Kirsten, Rannveig og Tuva kom på vaffelfeiring.
Tuva & Luna
Trygt!


Men igår blei det eit lite avbrekk frå kvardagslivet. Tuva og Rannveig inviterte meg på middag hos Tuva, og då eg kom fram var det ikkje berre middag men overraskelsesfest med ballongar! Veldig, veldig koselig, deilig mat, selskap, drikke og alt.
...men kvelden slutta veldig ukoselig og ganske dramatisk på Parkteateret. Rannveig slo seg, og eg følte meg heilt ubrukelig som berre sto og såg på. Heldigvis var Kenneth i nærheten, og dei ansatte på Parkteateret var nokre hakk hyggeligare enn dei som jobba på Bjørungs.

Ikveld blir det bursdag! Martin fyller 24, og eg har funne det perfekte bursdagskortet.

Wednesday, May 18

Nasjonaldag & masterfri

Igår tidlig dro vi på frukost i Ullevåll hageby
Tidlig, regnfri morgon
Litt bedre holdning
Var superdigg mat. Ein gresk mamma hadde blant anna laga spinat & fetapai
Og akkurat passe temperatur å sitte ute under eit tre, med ullteppe og kaffi
Etter mange timar på ein veranda på Bislett, møtte vi dei andre på Grand Cafe. Rannveig er alltid like glad i kamera
Tone, Tuva & Helene
Vene, vakre Tuva, som trossa dårlig rygg og blei med
Daniel vil vere litt harry på ein litt harry plass
#2

Og så, etter å ha henta Luna på Ullern og åte dekadent jordbær-ostekake, så karra vi oss heim, meg på høge heler, og det blei ikkje så mykje masterskriving. Men idag. Idag skal eg sende eit siste utkast på kapittel fire til veileder, så ho kan gi meg endelig tilbakemelding på heile oppgåva. På fredag. Grøss.

Sunday, May 8

Oscarsgate

Ingela og Bjørn inviterte oss med ut på Oscarsgate igår, i anledning 52årsdagen til Bjørn
....9 rettar og vinmeny :)
Og det var kanskje den beste restaurantopplevelsen eg har hatt, med unntak av Daniel i New York.
Heilt fantastisk god mat, og dertilhøyrande stemning.
Og så fekk vi sjokoladesigarar fylt med whiskey-krem til dessert!
Heilt greit å få det istedenfor eit sjakkbrett med konfekt - det var så vidt eg klarte den siste sjokoladebiten.

Idag er vi litt shaky, ganske trøtte og syns synd i oss sjølv som må vere flinke studentar, og jobbe. Skulle ønske vi kunne nytt den deilige søndagen, det fine veret og den rolige stemnininga i gatene her. Men om 3 veker...

Wednesday, May 4

3 veker igjen

Vi var på Ås og åt påske/forlovelsesmiddag på søndag. Ingvild hadde laga gulerotkake med veldig passande pynt :)
Andre påskedag kom Ingela og Bjørn på middag, jetlagged etter tre veker i Asia. Vi skålte i rosa champagne...
....og fekk romantisk sjokolade
Ute på tur med Mamma utanfor Ulsteinvik. Beautiful, sjølv med litt autovern i vegen.
Mamma og Luna ser på dei nye plantane i hagen til Mamma
Klare for søndagstur rundt Rotevatn.
Luna tar livet med ro i sin faste stol (som i anledning løpetid var installert med handkle)
Mamma øver på seg meir senebetennelse
og Luna slikker sol

Eg og Luna har kosa oss i Volda, og etter ein veldig grei flytur tilbake idag er vi heime i Oslo. Home Sweet (& untidy, dirty, chocolate-filled) Home. No må eg prøve å vere like flink til å skrive her heime som eg var i Volda. 3 veker til printing.

Thursday, April 28

Smakløs

Eg har mista smakssansen. Den har vore vekke i snart fem dagar, tenk om den aldri kjem tilbake? Må google det for å avkrefte/forsterke paranoiaen min. Hm... Kanskje eg har pådratt meg malaria i New York? Vi var jo ein dag i Brooklyn... :P

Ellers har eg gått ein liten fjelltur idag, det var utrulig deilig å merke at eg klarer å presse meg opp bratte bakkar, heilt til toppen der det framleis er snø, og nydelig utsikt. Og så var det den oppgåva. Føler eg har komt godt igang her oppe, har retta eindel på innleiinga, arbeider med eit siste utkast til kapittel tre no, og trur det skal gå greit å få gjort masse kvar dag. Det må gå greit, for det er kun sånn eg kan bli ferdig på normert tid. Imårra er det ein måned til masteren skal vere levert, og litt under det til den skal i trykken. Grøss

Sunday, April 24

All on the floor

Igårkveld var eg ute ein liten tur med Ingvild, Ane og Mariann. Vi dro på Bjørungs og menga oss med ein blanding av harry og klysete folk. For min del konsumerte eg kveldens tredje alkoholeining (ein Irish Coffee etter ein 0.33 boks ølboks og eit glas musserande). Og forkjølelsen eg tok med meg heim frå New York var fortrengt med ein DayQuil-kapsel og litt nasespray. Og jet-lag merka eg ikkje så mykje til. Men etterkvert som klokka nærma seg to blei det meir og meir varmt og klamt inne på Bjørungs. Plutselig kjenner eg meg kvalm og svimmel og prøver å bevege meg mot utgangen og så....
...våkner eg opp 30 sekund seinare liggande på golvet mens Mariann held beina mine høgt, og ein ukjent blond sjukepleier gnir ein isbit rundt i ansiktet mitt. Crazy. Heldigvis hadde eg på meg svarte strømpebukser og truser, og eg var med trygge venninner (dog på ein litt utrygg uteplass). Det er første gang eg besvimer sånn midt i ei menneskemengde. Må bli flinkare til å drikke vatn.

Uansett. Ellers har heimkomsten frå New York vore prega av husmorliv. For første gang pakka eg heilt ut av kofferten samme dag som eg kom heim(!). Og eg fulgte opp Ingvild sitt forsiktige hint om å vaske kjøleskapet:
Squeaky clean!

Og ellers går tida med til å dagdrømme om sommaren 2013, bla i bladet eg fekk frå Ingvild og Ane, og sjå på ringen eg fekk av Daniel. Som eg skal byrje å gå med så snart vi får utvida den så eg får den på meg. Og då er eg forlova for real.