Sunday, September 5
Dog day afternoon
Friday, September 3
Mammaperm
Eg har vore heime den siste veka. Har lest litt, men stort sett berre vore oppteken av Luna. Merker at mamma-genet har blomstra litt, at eg går rundt og tenker på ho og Daniel heile tida. Og at eg ofte blir litt våt i augene.

Bekymra/oppmerksom mamma

Men det er ikkje så rart. Så nydelig som ho er! Mamma seier at alle synes hundane sine er kjempefine, men ja. Vår er vakker :)
Det aller beste med å ha hund er den augneblinken då ein kjem heim, åpner døra og der står ho og er overstrømmande glad for at det er eg som kjem inn døra. Overstrømmande, hoppande, logrande og slikkande glad.

Tuesday, August 31
Forelska
Saturday, August 28
Wednesday, August 18
Distre
Eg satte ny personlig rekord i å vere distre igår. Det byrja med at eg gløymte att mobilen heime (nærare bestemt i ein av skoa til Daniel). Deretter jobb og kven veit kor mange slurvefeil (det vil vise seg når kundane ringer inn dei næraste dagane for å klage), for så å dra stuptrøtt på trening med Inga. Vel framme i garderoben på domus viser det seg at eg har gløymt treningstøy også. Og husnøklar. Aaargh.
Litt kjipt å ikkje få trent, men koseligare å komme heim, legge seg, sove i ca 20 minutt og så vere klar for middag på Skillebekk. Deilig indisk middag, med barneselskaps-fråtseri-dessert.

Merker at eg treng søvn, og ikkje kun den skjønnhets-fremmande typen. Men mest av alt treng eg å vere ferdig på jobb og igang med semesteret. Masterskriving. Grøss.
...og ellers er det fint med roser i stova. Skulestart-roser.

Wednesday, August 4
Hjernedød
Sånn føler eg meg etter å ha jobba heile sommaren på Tine. Ikkje ein gang rik og hjernedød, siden den skikkelig lønninga ikkje kjem før 20 august og eg må bruke mastercard enn så lenge. Men Berlin er gjerne ikkje den verste byen å leve på lånte pengar.
Men tilstanden blakk og forelska er ikkje så kjip (kanksje kun overgått av rik og forelska). Daniel kom nemlig heim frå ei vekes Star Craft 2-eksil og han hadde med gåver som plaster på såret, som denne:

Vi har forresten fått klarsignal frå styret i sameiet, og vi står på venteliste hos nokon som skal ha valpar i september!

Monday, July 26
Smak av sommer
Sollys og salmalaks
Fornøgd med å snart vere framme på Sørlandet, etter timesvis med kø
Og sjølv om borte er bra, så er heime i leiligheten definitivt best. Fresht bad, fullt kjøleskap og getboks, blad- og bokbunke og behagelig seng <3
Wednesday, July 21
Grytidlig
Eg sto opp før klokka seks idag for å vere på jobb før klokka sju. Sjukt.
Og denne helga ventar den siste etappen på familie-marathon-sommaren. Vi køyrer til Sørlandet og så vidare til Jæren for å treffe Bestemor og Bestefar. Og på søndag køyrer vi heile vegen tilbake. Skikkelig roadtrip, med alt det måtte føre med seg (av musikk, svette og svett mat, bensinstasjonar, kartlesing, kos og frustrasjon).
Det føles som om heile sommaren har gått med til jobbing og familieferie. Derfor bestilte vi nettopp 3 dagar i Berlin i august, utan eit familiemedlem i mils omkrets. I <3 mastercard.

Monday, July 12
Beefcake
Eg føler meg litt slik, bortsett frå at eg ikkje føler meg særlig trent. Den vonde foten min har gjort meg ganske inaktiv og eg klør etter å vere meir ute, gå fortare i trapper og kunne gå i noko anna enn støttebandasje og joggesko.
Dessuten åt eg to biffmåltid denne helga på like mange dagar. Først indrefilet a la Hanna og Daniel, og igår blei det treretters på Trancher.
Men idag er eg tilbake på jobb, snakkar med kjøkkensjefen på ein gamleheim som fortel at rømmegrauten til Tine er så god at dei gamle blir heilt galne. Ein augleblink føler eg at jobben min er meiningsfull, men det går fort over.

Monday, July 5
Miss Limps-a-Lot
Eg og Daniel er hekta på Top Chef, igjen. Spesielt Fabio med den italienske aksenten og dei fine bileta på kor flink han er ("I could serve monkey ass and empty clam and people would still love me"), eller Stefan som arrogant på ein pittelitt tiltrekkande måte ("I guess I have to sit back and listen to everybody elses bullshit input").
Når eg ikkje ser Top Chef, så dagdrømmer eg vekselvis om Border Terrier og Labrador.
...og ellers haltar eg rundt etter beste evne, og lurer på kva farge foten min er blitt.

Subscribe to:
Posts (Atom)