Monday, July 12

Beefcake

Eg føler meg litt slik, bortsett frå at eg ikkje føler meg særlig trent. Den vonde foten min har gjort meg ganske inaktiv og eg klør etter å vere meir ute, gå fortare i trapper og kunne gå i noko anna enn støttebandasje og joggesko.
Dessuten åt eg to biffmåltid denne helga på like mange dagar. Først indrefilet a la Hanna og Daniel, og igår blei det treretters på Trancher.

Men idag er eg tilbake på jobb, snakkar med kjøkkensjefen på ein gamleheim som fortel at rømmegrauten til Tine er så god at dei gamle blir heilt galne. Ein augleblink føler eg at jobben min er meiningsfull, men det går fort over.

No comments: