Tuesday, April 9

Gone Daddy Gone

Pappa var på besøk forrige veke.

 Her med Schweinehaxen på Zum Augustiner
 Og på torsdag dro vi til Ulm og såg på verdens høgaste kyrkjetårn, Münster.
 Før vi bega oss opp trappene luncha vi på Stadtcafe.

 Og her litt utsikt frå det høgaste punktet vi fekk lov til å komme opp til.
 Framleis lue- og boblejakkevær

 Litt utsikt, sjølv om det var ganske overskya
 På veg ned dei svimlande mange trappetrinna
 Naturlig posering i botnen av trappa
 Vindu inne i katedralen
 Og her i Fischerviertel, med utsikt oppover kanalen langs verdas skeivaste hus
 Far og datter ved Dona, ikledd ca like bad taste-jakker,
 framleis langs Donau
 Forvirringa er til å ta og føle på. Kven jobbar her, kven er på ferie, kvifor går alle i samme jakka, kor er pappa osv. Fekk eindel rare blikk frå hagearbeiderane. Og jakka er ikkje berre ein bra undercover-hagearbeider-jakke, også på Hauptbahnhof og flyplassen blei Pappa tatt for å vere på jobb og spurt om avreiser og ankomstar osv.
 Fleire fine bygg i gamlebyen i Ulm
 Etter ein ganske lang spasertur kjøpte vi oss is, men det var framleis litt kaldt å sitte ute.
På vegen heim stoppa vi innom Augsburg, og kikka blant anna på rådhuset.
På vegen heim kom eg over dette i eit butikkvindu.....
 Og på fredag dro vi endelig ein tur tilbake til Olympiapark, der det var kaldt og grått, men likevel ganske fint

 Og pappa fekk endelig prøvd Bratwurst.
Småslitne på veg heim med banen.

No er Pappa heime i Naustdal igjen, mens Rannveig er på besøk hos oss nokre dagar.

No comments: