Forrige onsdag henta vi leigebil og satte kursen nord-austover. Første stopp blei Eremitage, eit slott utanfor Wagner-byen Bayreuth.
Veldig fint, men også ganske dødt, no ei veke før turistsesongen byrjar
og kanskje enda lenger før det blir vår...
Etter å ha strukke på beina + ete eit kakestykke inne i byen kjørte vi vidare
Og på kvelden kom vi endelig fram til Leipzig.
Nok eit brunt tysk måltid, denne gang på Auerbach Keller, Goethe sin gamle hang-out.
Ettertenksom, Goethe-style?
På vegen heim til hotellet såg vi den gamle børsen
og til slutt det ruvande hotellet vårt.
Neste morgon våkna vi til denne utsikta over sentrum.
Og åt digg frukost på dette bakeriet.
Og dro på kjempebra kunstmuseum som hadde ei blanding av gammalt og nytt, maleri, skulpturar (særlig ein overdådig Beethoven i ei slags vogn) og installasjonar.
det var ikkje lov til å ta bilde, men vi tok nokre av bygget likevel.
På veg gjennom sentrum stussa vi litt på korleis dette bygget passa inn i DDR-Leipzig.
Obligatorisk Bach-bilde framfor skulpturen framfor
Thomaskirche, kyrkja der Bach arbeidde i ca 20 år.
Derifrå bar det vidare til Stasi-museum i Stasi sine gamle hovudkvarter i Leipzig. Propagandaplakatar
Og ostalgie-effektar.
På langfredag våkna vi til denne utsikten. Nesten vår my ass
Vi kom oss endelig til Nikolaikirche, som var mykje finare enn Thomaskirche
Og så bar det ut på landevegen.
Vi gjekk for landeveg framfor autobahn og var veldig fornøgd med det.
Etter kvart kom vi fram til Meissen
Happy etter å ha klatra ca 1000 trappetrinn
romantisk på 4-årsdagen vår
Veldig godt påkledd i kulden
utsikt over gamlebyen
nesten eit kodak-moment med fuglar og Domen.
Vi gjekk inn for å vere supertyske denne ferien med Kaffee und Kuchen nesten kvar dag.
Bryllupsbildeinspirasjon hos ein fotograf i Meissen
På kvelden rakk vi akkurat innom hotellrommet i Dresden for å skifte før vi dro på jubileumsmiddag på bean and beluga
Der vi "fekk" ein langfredagsmeny beståande av fiskerettar, og eit første glas champagne med på kjøpet.
Utsikten frå hotellet vårt lørdag morgon. Shoppinggate med litt gamleby langt der framme.
Spesiell løysing med dusj på rommet, men alt var tilgitt når vi testa den supre frukosten.
It's tourist time.
Obligatoriske bilder framfor Frauenkirche
....som etter alle dei andre kyrkjene vi har besøkt i det siste ikkje levde heilt opp til hypen (eller til den halvtimes køståinga på utsida)
Vel ute igjen gjekk vi litt tur langs Elbe
I Dresden var det MASSE turistar.
Forståelig nok, med tanke på alle dei vakre gamle bygga, men likevel slitsom å gå i turiststim overalt.
I Domen.
Endelig på veg over elva frå Altstadt til Neustadt.
lunch på ein supergrønn cafe
Og plutselig kom vi over den beste engelske butikken eg har funne i Tyskland sålangt, og ca halvparten så dyr som dei bayerske butikkane.
Etter å ha hamstra te, lemon curd, creme eggs og Dorset fann vi fleire flotte påskedekorasjonar.
Og det var den dagen, sånn ca. Blei litt lei av å vere turistar og trakk oss tilbake til hotellrommet for å drikke kjip Chardonnay og sjå Deutschland sucht den Superstar
På påskesøndag kom vi oss endelig til Zwinger
Where's Hanna
og fekk tatt ein siste obligatorisk kikk på dei største turistattraksjonane i Dresden.
Og så eit siste glimt av byen mens vi kjørte nordover til helgas diggaste middag, og seinare kjørte vi langt vestover på kjedelig Autobahn.
Her pakkar vi inn i bilen for siste gang, etter ei overnatting utanfor Coburg.
Starta dagen med ei pilegrimsreise opp til Basilika der Vierzehnheiligen. Heilt fantastisk fin kyrkje.
Med heilt ok utsikt.
Deretter bar det vidare til Bamberg, ein elveby på UNESCO si liste, og derfor også ganske full av turistar.
Noko nytt med noko gammalt i bakgrunnen.
Og etter å ha gått rundt, testa Rauchbier (som smaka litt som røyka ål) og blitt skuffa over kor få cafear som var åpne på andre påskedag, så kjørte vi heim til München, overlevde travel Autobahn på slutten av ei langhelg, leverte bilen og tok imot Pappa.
Og det var den påskeferien og 4årsdagsfeiringa.






















No comments:
Post a Comment