Monday, April 29

Lapdance

Det har skjedd ein heil del siden starten av starten av april. Eg har rukke å få besøk av Rannveig

 Som fekk sjå første teikna på vår i München - nemlig pølse på Viktualienmarkt og kaffi på uteservering  uten boblejakke!
Deretter reiste eg heim til Oslo og hadde eit par litt heseblesande dagar med besøk, kos, mat, bryllupsførebuingar, jobbintervju og så den store dagen: utdrikkingslag! 
 Starta med at Ingvild og Guro henta meg og Tuva med DDE, pynta bil og rosa cowboyhatt.

 Etter å ha møttes på Frogner, blitt skremt med bikinivoks for så å heldigvis berre få manikyr, kom vi fram til Ingvild. Alle fekk survival kits for dagen - for Guro var det vel too litte, too late.
 Champagne breakfast

Før-bilder
 Og sjokoladekurs med sjokoladesmaking hos Sværre Sætre - superdigg
 Men dette var dagens største overrasking: Kirsten, Unni og Mamma utkledd for gamle damer i Frognerparken, klar for trening.
 Fellesbilde med sint Jack Russel
 Happy med smaksprøver frå Sværre Sætre

 I karaoketaxi til Ekebergrestauranten
 Frå karaoke til.... vel. Stakkars Martin :)
 Apropos stakkars - denne fyren banka på døra i ti-tida og klaga på bråk, for så å strippe ned til trusa, og litt til.
 Kanskje den perfekte utdrikkingslagstripparen - eg blei ihvertfall sjeleglad for at det er Daniel eg skal gifte meg med.
Og slutten på mitt livs mest begivenhetsrike dag sålangt på ein for oss ganske eksotisk klubb - vestkantsafari på Monkey Bar.
 Vel tilbake i München dro vi på ein lignande safari, men denne gangen ikkje med vestkanttryner, men heller desse dyra her. Vi såg bjørn
 eit slags snøftedyr
 Fargesprakande apekatt + + + Ein fin måte å tilbringe forlovelsesdagen på.
Og apropos forlovelse og bryllup: eg hadde eit internasjonalt utdrikkingslag i München i helga.
 Først åpna eg eska Marta hadde laga for å sjå kva eg og alle andre skulle ha på oss.

Nemlig sheriff-aktige skilt som Marta FC og Ifan hadde laga i laserkutteren.
 Og ei krone + tutu a la Marta NE
 Looken vart først complete etter at Eba brukte sminka meg med ca ein halv pakke rouge
 Pretty in pink
 Med Hilde på banen oppover til Münchner Freiheit - med vakkert tilbehør ved tinningen
 med Marta FC
 På thairestaurant
 Marta & Ifan
 Igang med eit klepto-oppdrag

 Neste oppdrag var litt snillare: lage drinkar.

 Marta x 2
 Oppstilte bilder i det som var tenkt som ein slags photobooth

 Utrulig nok satt krona fast gjennom heile kvelden og natta
 På Karlsplatz, før vi møtte guttane og dro ut.
 Neste dag dro vi opp til Olympiapark og betalte oss for første gang inn på Olympiastadion
 Jens Martin og Hilde
 og Daniel og meg
 Info om Dachs-maskoten frå München OL
Og til slutt: ingen dagen derpå utan junk/bayersk mat.

Og det med lapdance - eg fekk heldigvis ikkje lapdance av den polske stripparen i Oslo, men eg fekk derimot og heldigvis lapdance av ein veldig kjekk fyr ute på byen i München på lørdag - han tok riktignok kun av seg skjorta, men likevel.... :)

No comments: