Thursday, November 1

The Night of the Living Dead

Igår var vi invitert på Halloween-fest i kollektivet til Sigbjørn (for anledningen Freddie Mercury). Temaet var famous dead people, helst sangarar, men etterkvart viste det seg at det var lov med andre kjente folk også. Og ein skulle sjå ut som kjendisane gjorde då dei døydde. Daniel bestemte seg tidlig for å vere ein dekadent Elvis, mens eg lenge var usikker på kven eg kunne vere. Til slutt bestemte eg meg for ein kanksje ikkje altfor kjent kjendis, men som eg ikkje trengte altfor mange props for å få til.

 Ein props var ei pute.
 Og ein kvit kjole som vi klippte hol i.
 Og festa eit guts-appliance belte inni
 Deretter sagde Daniel av ein plastkniv
 og skar hol i innvollane mine som kniven skulle passe inn i
 Så festa eg kniven i magen - noko eg måtte gjenta mange gangar i løpet av kvelden
Voila. Og kjendisen var det ikkje så mange som visste om - Sharon Tate, kona til Roman Polanski som vart slakta ned av psychoane til Charlie Manson
 Vel framme på festen, der det viste seg at mange ikkje var utkledt.
 Cherry jam for added realism
 Folk var litt delt mellom å synest magen var kjempeekkel, og det å stikke kniven i meg.
 Eg hadde tenkt litt på Nico og, men syntes det var vanskelig å vise korleis ho døydde i ei sykkelulykke....
 Maya passa på å få med slangebittet på halsen til Cleopatra
 Daniel med pille-proppen sin (som til manges skuffelse kun var ei eske med tictacs). Den andre proppen hans la han etterkvart igjen på kjøkkenet: ein peanut, jelly and banana sandwich.
Jørn a la Kurt Cobain

 Ein dansk Bob Marley-zombie
 Luca og Maya
 Cleopatra og Elvis, på god veg til å OD på tictacs
 Med ein super-svart (og blond) Tupac Shakur (som vanligvis heiter Andreas)
 med Amy Winehouse
 som vanligvis er Marta

 Godt humør og på vei til å dra
Luca og ei fransk edderkopp-jente sammen med ein crazy zombie-gynekolog, som kunne fortelle om korleis siviltjeneste i Tyskland er eindel meir hardcore enn i Norge. Han hadde visstnok stått i operasjonssalar og holdt i "klammer" og nesten besvimt av alt blodet. Men han hadde i det minste fått med seg scrubs. Kjekt å ha.

No comments: