Wednesday, November 7

28

Eg hadde bursdag på mandag, og i den anledning kom Ingvild, Eivind og Ane på langhelg og lang-feiring.

Seint fredag kom dei fram etter ein anstrengande flytur (pga full og ufyselig Nordmann på flyet). Vi møtte dei på Hackerbrücke og åt sein middag i varmen på Vapiano. Heilt greit for Daniel å ende ein ca 12 timers arbeidsdag slik. 
 Lørdag dro vi til Hauptbahnhof, kjøpte billettar og dro vidare innover i sentrum. Men shopping i sentrum på ein lørdag er ikkje heilt å anbefale, sjølv om sola skin og det er usansynlig varmt til å vere November. Kanskje særleg kjipt då, sidan det var fullt overalt. Men ellers var det hyggelig.
 På kvelden gjorde vi oss klare til helgas (høstens?) store kulinariske opplevelse.
 Vi varma opp til ein oransje restaurant på Ingvild og Eivind sitt oransje rom.
 Daniel testar stolen
 Og gleder seg til middag
 Appitizer
 Og appitizer-gave
 Det er ein....
 ...blå hals, som eg har gått med kvar dag (dvs alle tre) sidan.
 Glamorous moment i det Ane kjem
I ny og ganske heit Zara-kjole. Deretter skyndta vi oss nord-vestover til restauranten Tantris. 

 Første av 8 rettar og min favoritt. Andebryst og andelever.... !
 Happy campers framfor baren.
 Også happy og forventningsfulle
 Rett nummer to: hummer med sopp. !!!
 og hovedretten: lam med blant anna ruccola-polenta.
 Desserten var den einaste vesle nedturen - kaffisouffle med quince var ikkje så spennande på smak
 Men alt i alt heilt fantastisk god mat og bra opplevelse
 Happy,
 men klare for å betale og dra vidare - først for å møte arkitektstudentar på ein pub ved Frauenkirche, og deretter til Hirschgarten for å treffe fleire bursdagsfeirande arkitektstudentar. Der fekk opplevd kor harry store tyske klubbar kan vere, men det var samtidig litt gøy. På veg heim klarte vi akkurat å skrape sammen 6 euro i mynt til ein taxi, og la oss seint, men lykkelig.
 Neste morgon var derfor superrolig. For oss er det no skikkelig luksus å ha dobbeltseng og eige bad, og vi tilbrakte derfor eindel tid på rommet og i badekaret. Her har Daniel akkurat våkna opp etter litt søndagsslumring.
 Utpå dagen dro Daniel på skulen, og vi dro oppover mot Olympiastadion og BMW-museet.
 Etter å ha gått av på feil U-bahn stopp og gått ganske langt, tok vi heisen opp i Olympiaturm.
 Og tok obligatoriske bilder på toppen.
 Det ser koselig ut, men enkelte merka høgde og dødskrekken ganske godt
 så dette skiltet kunne vi godt vore foruten.
Nydelig utsikt


 Og Alpane i det fjerne
 München's Grorud?
 Når ein tross alt er i Tyskland....
 Ingvild er ikkje nokon uttalt pølsefan, Eivind og Ane derimot...
 På bmw-museet var det litt kø for å sette seg inn i Bmw-ane, men Mini Cooper'ane var meir tilgjengelige
 Tilbake på hotellet fann vi eit substitutt for vinglas
 og snop/chipsskåler.
 og alle var ganske slæcke, men byrja å bli svoltne.
 Så vi tok U-bahnen til Lehel, ein for meg ny bydel, ikkje så langt unna Isar og Isartor. Der fann vi ein digg indisk restaurant og prøvde ut eindel forskjellig.
 Men sjølv om det var digg, var vi ikkje i nærheten av å kunne ete opp.
Mette og salige

 Tilbake på hotellrommet byrja klokka å tikke mot 24.00, og i mangel på musserande
 ....skåla vi heller i kald glühweinspunch.
 Skål
 Då eg var i Oslo i Oktober, nevnte eg for Ingvild at eg ikkje hadde kjøpt meg eit einaste plagg siden ankomst i München. Ikkje eingang truse eller sokkar. Dermed fekk Ingvild litt inspirasjon til bursdagsgåver.
 Forsøk på gruppebilde med sjølvutløser
 og uten sminke

 ......

 Forsøk nummer 1
 og nummer 2.
 Mandag morgon var bursdagsmorgon, med siste hotellfrukost på ei stund og deretter: bursdagsgåver!
Den mest feminint innpakka, og einaste norskspråklige boka eg tenker å lese i høst :)

 Så sjekka vi ut (snufs) og dro inn til Marienplatz, som var kaldare og meir folketomt enn på lørdag.
I gourmet-avdelinga til Dallmayr

 Pølse-epler?
 Og eit lite utval dessertar
 Vi kjøpte den minste vi fant: gulerotkake med marsipangulerot på toppen.
 Deretter møtte vi guttane på det som på ein måte har blitt vårt stamsted for typisk bayersk mat
 Utydelig med Marta
 Med ein supersnufs og forkjøla Daniel (no er vi oppe i 3 forkjølelsar kver)
 Etter ein litt "spennande" lunch - eg prøvde kalvenyrer for første gang på kanskje ti år - bestilte vi ein dessert som saboterte planane vi hadde om å ete bursdagskake på kafe seinare. Men denne apfelstrudelen var absolutt verdt det.
 Nytt forsøk med sjølvutløser
 og her med litt hjelp frå kelneren
 På veg ut
 Og rett inn i mathallen ved Viktualienmarkt
 Eivind venter mens søstrene Bruaset leiter etter fleire tyske gourmet-gåver
 Fangst.
 Deilig å tusle i mathallen på ein mandag, når den ikkje er superfull.
Deretter tusla vi dei få metra bort til Stadtmuseum og designbutikken der. 

 Kanskje har vi budd litt for lenge i München
 for dette ølkruset til 40 euro er plutselig veldig fint og aktuelt
 Postkort-jakt
 eller kanskje ein skal begynne å lære tysk?
 Nydelig klatre-plante-dekt bygg ved Viktualienmarkt.
 Inne i varmen på Victorian Tearoom, der vi ikkje orka tanken på kake, men prosecco derimot
 Mirror images?


 ...og så ut i kulden (det gjekk frå september-vær til November-ver i løpet av helga, og var til og med litt regnver a la Bergen) og med s-bahnen tilbake til hotellet
 Der fann Daniel ein stol som er super å ligge snufs i.
 Ompakking
og det var den bursdags/besøks/hotell/mat/kosehelga.


Forresten! Idag feira eg og Daniel det amerikanske presidentvalget med fellesfrukost på rommet hans, og victory-talen via nrk.no. Rart å tenke på at det er fire år sidan eg sto opp ein time tidligare enn vanlig på morgonen den 5 november for å ordne frukost som eg åt aleine framfor tv'en på Grünerløkka, mens CNN viste oppsummering av valet og Obamas første tale som amerikansk president. Fire raske, men veldig fine år :)

No comments: