Tuesday, October 30

Flystress

Denne helga var vi på Vestlandet og feira 60årsdagen til Pappa. For meg var flyturane ganske ubehagelige sidan eg framleis er forkjøla, men elles gjekk flyturane fint og landinga i Widerøe-fly på Gardermoen var silky-smooth.

Fin utsikt over Austlandet var det også.

Men Daniel hadde ein langt meir stressa fly-kveld. Ruta hans var Florø-Oslo-Berlin-München. Fram til Berlin gjekk alt fint, men så vart flyet vidare utsett med først 30 minutt og deretter 90 minutt.
I München satt eg i ankomsthallen og venta på at Air Berlin-flyet skulle lande, så eg kunne overraske Daniel og ta S-Bahnen heim saman.
Plutseleg, etter 1,5 timers ventetid, står det Kanselliert på skjermane både i Berlin og i München. Mobilen min er tom for straum, og eg skundtar meg ned til S-Bahnen for å rekke den siste bussen heim til studentheimen vår.
I Berlin er Daniel ganske stressa. Han får ikkje tak i meg på telefonen (og ser for seg worst case scenarier a la styrta fly, voldtekt og drap på S-bahnen osv), og informasjonen frå AirBerlin om kva som skjer vidare blir kun gitt på frustrert tysk. Daniel forstår det slik at det er mogleg å fly til Nürnberg og bli køyrd med buss derifrå, men at det er greiare å bli i Berlin og ta eit tidlig fly mandag morgon. Men det viser seg at bagasjen blir sendt til Nürnberg, og at alle passasjerar til München egentlig skulle vore med det flyet.
Uansett. Eg kjem meg heim, får lada mobilen, ringt Daniel og formidla at eg er trygt framme, og mandag morgon kom han endelig heim.
Air Berlin, altså. For sikkerhetsskuld har vi nettopp booka billettane våre heim til Jul med airberlin også, og håper på bedre lykke neste gang.

Her i München er det snø.

 men framleis blad på trea og grønt gras på bakken.
 Snøskulpturar på terrassen mellom gutte og jentefløyen.
 ein snømann som overlevde sollyset på mandag. Den halvmeter-høge snø-penisen overlevde ikkje.

Og ellers kjøpte Daniel seg nytt kamera på fredag (flyet til Florø var ein time forsinka - kva kan ein ellers finne på på Gardermoen, enn å kjøpe seg speilreflekskamera?) og tok masse bilder i løpet av helga, men plutselig funka ikkje minnekortet lenger og alle bildene forsvann :( No ventar vi på litt påfyll av bilder frå Onkel Einar - sansynlegvis mest av Andreas som imponerar på cello.

No comments: