Vi starta på Jødisk museum, eit museum vi har sikla på ei stund, men som ikkje var så interessant som vi hadde håpa. Før vi gjekk derifrå fekk vi med oss ein minikonsert frå eit mannskor + falafel. Like i nærleiken av det jødiske museet ligg Stadtmuseet, som er mitt yndlingsmuseum i München sålangt. Vi var der i starten av oppholdet vårt og såg på gamle instrument, dokketeater og propagandaplakatar frå Nazitida. Denne gangen gjekk vi på ei ny utstilling: Fotodoks, der ein stor andel av bildene dokumenterte England post Økonomisk krise. Veldig interessant, men dei mest lattervekkande fann vi i rommet som var dedikert Mario Ballotelli sin skjorteløse skorings-feiring.
Frå Stadtmuseum tok vi banen vidare opp til Schwabing og Neue Pinakotek (sjølv om det var snakk om å stikke innom Oktoberfestmuseet for å sjå om det kanskje var gratis øl der, men det blei det ikkje tid til). Der fekk vi sett ca alt, og sjølv om det mykje flott, som feks det her:
...så er det kanskje den eine gangen eg drar dit, i alle fall på lenge.
Og sjølv om vi hadde tenkt å gå på nokre museum til, for deretter å gå heime og pleie forkjølelsen min (nummer 3 på ca ein måned. Grrr), møtte vi Barbara, Carlos og nokre andre Laim-folk, og blei med dei ut på byen. Ikkje akkurat kledd for byen (genser, briller, kleenex og nasespray), men det var koselig, sjølv om det viste seg at dette er ein av Münchens meir etablerte kjøttmarked.
Og sidan har Daniel vore hard at work med tårn-modellen sin, til det super-hardcore-studiokurset han har byrja på, der alle må presentere eit tårn bygd av max to ulike material, som skal vere så høgt som mogleg, og samstundes må alle delene passe inn i ei 10 x 10 cm eske. Dermed blei det ein inne-søndag med spent rygg og nakke og kun nokre små matpausar.
Her på presentasjon av modellane på tirsdag. Sigbjørn hadde ein ganske fancy ein.
Meanwhile, in Karlsplatz.... dro eg og Marta ut for å kjøpe kaffi i pausen på tyskkurset og såg denne interessante kaka.
Og ellers er ting som dei pleier, bortsett frå at skulestresset til Daniel har byrja for fullt. Han har framleis tid til müslifrukost
Og det er framleis fine haustfargar utanfor vinduet mitt, men eg mistenker at dei er borte etter helga. Idag flyr eg heim til Norge, og på fredag kjem Daniel etter, for å feire 60årsdagen til Pappa.











No comments:
Post a Comment