Men det/den mest spennande var den vesle trommis-dama.
Marta, Vladimir, Dulcineia og Eba frå klassen min + to stk kjærestar.
enda ein kjæreste
Alex og Marta var det mest forelska og samtidig trøttaste paret - etter søvnløs, nervøs natt og påfølgande jobbintervju. Etter konserten tenkte vi oss vidare ut på Erasmus-fest, men lang kø og trøtthet gjorde at vi heller åt døner kebab, vegetar-kebab (supergodt og med feta) og tok S-Bahnen heim saman med fulle og joviale 18-åringar (og takka vere dei er "kotzen" ikkje lenger berre ei glose i gloseboka mi)
Lørdagsmorgon og høstfarga tre utanfor vinduet.
Fin kopp i mulig ny yndligsfarge.
Daniel handlar yoghurt. Kanskje den diggaste og mest usunne yoghurten eg nokon gang har smakt, med eit ca 1 cm lag med karamellsaus på toppen.
Har nylig funne ut at ein kan leige filmar på treningsstudioet mitt. Gratis. Og sjølv om dette etuiet ser ganske døvt ut, låg det ein skikkelig film på innsida: "Abgedreht" (eller "Be Kind Rewind" på engelsk). Prøver å sjå mykje tysk film for tida. Tidlegare i veka har vi sett "Die Fälcher" og "Yella". Bra begge to.
Og ellers er eg ca midt i denne novellesamlinga, skrive av ein strafferettsadvokat, med utgangspunkt i saker han har medvirka i eller kjenner til. Super tysk-trening, sidan novellene er passe lengde, passe enkelt språk og stort sett interessante. Skriv opp orda eg ikkje kan og slår opp betydninga. Her er orda til høgre frå ei ganske bestialsk historie....





No comments:
Post a Comment