litt skeptisk og stressa på veg ut av München
Men snart ganske fornøgd med å kjøre ny, fin bil på motorvegen
Første stopp: Aschau im Chiemgau. Freaky inngangsport
Drakk ei kanne te og spaserte litt omkring.
Dette hotellet husar visstnok den dyraste restauranten i regionen. Og ser ganske tacky ut.
Apropos tacky - stort utvalg av radler på supermarkedet.
Og den største Ritter Sport Yoghurt eg nokon gang har sett. Men, for stor sjokolade og for kort tid til eg bør passe inn i ein brudekjole....
Den minste og mest low-key Biergarten vi har sett.
På veg til slottet på haugen, som er frå 1300-talet sånn ca.
Men då vi kom fram oppdaga vi at det hadde stengt for fleire timar sidan
Daniel tar bilde av meg, som tar bilde av muren, som....
Og iphone kun fordi Nokon hadde lagt att kameraet i prime synsvinkel for innbrudd i bilen.
Daniel strikes a pose
Vel nede igjen
Og stadig meir fornøgd med bilen.
Så dro vi til den vesle bygda Frasdorf, og ein restaurant anbefalt i ein av guidane våre. Den var koselig
og lakse-forretten til Daniel var god
Og min andelever også, men ellers var det ganske så-som-så mat. Og Daniel har fått på det reine at Wienerschnitzel aldri blir noko særleg bedre, sjølv om det serverast på ein dyr restaurant.
Vel framme på hotellrommet. Daniel kikkar fram frå eit pittelite ekstrarom. Vi fekk forresten vite at vi må passe på å møte opp før 5 når vi har booka eit hotel første natta i Tyskland. Elles kan hotellet tru at vi ikkje kjem i det heile, og gi bort rommet til dei første og beste som kjem forbi. Men heldigvis kom det ikkje andre potensielle gjestar forbi torsdag kveld, og rommet sto klart for oss, sjølv om vi ankom seint.
Utsikt frå verandaen vår fredag morgon.
Den beste og mest spennande maten vi åt denne helga, åt vi i Prien ved Chiemsee. Lunch på tidlegare stjernekokk Thomas Mühlberger sin restaurant. Superhyggelig gammal mann som småsnakka, forklarte og handhelste då vi dro. Ide til bryllupsgåve: matkurs her.
Så dro vi ned til Chiemsee og tok båten ut til dei to øyene.
Først den største øya, Herreninsel, der vi sette kursen mot Herrenchiemseeschloss.
Herlig plass, både for turistar og edderkoppar.
Herrenchiemseeschloss. Enda eit av slotta bygd av Kong Ludwig II, men eg likte dette ca tusen gangar bedre enn Neuschwanstein. Færre turistar, bedre guidar og meir interessant stoff.
Vi myser framfor slottet, som er eit halvferdig forsøk på å replisere Versailles.
Fontener utan vatn
Fontenar med vatn
snart klare for å haste vidare til neste øy
Men først kikka vi på små bambiar, i ein park like ved sidan av slottet.
Men det var snart siste ferjeavgang, og vi ville få med oss denne, mindre øya også: Fraueninsel
Med eit gammalt kloster (og øyas store skuffelse: guidebøkene sa at ein butikk ved klosteret solgte heimelaga marsipan, men dengang ei)
Heilt fantastisk fint - får lyst å dra tilbake etterkvart.
Ettermiddagssolstrålar var det siste vi såg før vi dro frå øya.
Framleis forkjøla, men fornøgd etter ein fin dag.
På kvelden dro vi på nok ein anbefalt restaurant (denne gangen omtalt i to guidar, for å vere på sikre sida).
Klauser's Restaurant - superkoselig.
Med deilig mat. Eg åt først spicy gresskarsuppe, og deretter kanin med gnocchi. Nam!
Tilbake på hotellrommet feira vi fin fredag med sel-tksjorte og musserande
Daniel som posterboy for Tortilla chips
Lørdag morgon starta med sol, men framleis med taket på - vi hadde enno ikkje fått ned taket
Vel framme ved Königssee, og ein av dei mest turistifisete strekkene i Tyskland. Daniel falt for denne vakre lys-skulpturen.
Og denne stokken.
Litt unna turistmassane var det ganske fint.
Og i det fjerne såg vi kyrkjebygget med dei rød, løkforma kupplane. Men ellers var det ikkje altfor ulikt Norge, og difor heller ikkje så altfor spennande.
Det som derimot var spennande, var at vi endelig greide å få ned taket!
Takka vere ein determined Daniel
som var superhappy med resultatet.
Så vi kjørte med taket nede i ca 10 min, på veg til neste attraksjon
og akkurat lenge nok til at det såvidt byrja å regne. Tippa vi såg ganske kule ut med taket nede i grått-nesten-regn-ver
Neste attraksjon var Ørneredet (ikkje Gjøkeredet, som eg prøver å venne meg av med å sei). For å komme oss opp dit måtte vi ta ein buss opp dei siste ca 600 høgdemetra til toppen
på toppen
Med dramatisk fjellheim i bakgrunnen
og her med Ørneredet i bakgrunnen
og starten på Alpane
Idag har vi tatt ein omveg på vegen heim til München. Litt for å unngå motorvei-kø, og litt for å sjå noko nytt. Her stoppa vi for å kikke litt rundt i ein idyllisk småby
Som låg rett på elva (som eg trur heitte Als)
BnB/restaurant i fin Guro/Ragg-stil
Sett nok av rolig landsbyidyll (einaste plass vi såg folk var utanfor kyrkja)
....og vi dro vidare til Wasserburg am See. Der såg vi ikkje berre handikap-parkering, men det (for oss) nye store: kvinneparkering. Rett nok treng ein barnevogn for å gjelde som kvinne med parkeringsrett, men likevel.
På veg inn til småbyen
På helgas minst sør-tyske restaurant - nemlig ein gresk restaurant
Klare for heilt ok usunn mat
Apropos klar for: denne kan kanskje og få plass på bryllupsønskelista. Fin og praktisk, og ein kan aldri få for mange klutar, eller?
Og i ein bokhandel fann vi ei ungdomsbokserie som kanskje kan vere noko for Daniel. Oscar kunne gjort seg som ein karakter her.
Og sist men ikkje minst: ivrige smakerar på søndagsmarknaden. Gratis kremostdipp som mange andre allerede har dyppa diverse ned i og smakt på, seier du? Ja takk.
No har vi levert tilbake bilen, pakka ut og innkvartert oss på kvart vårt rom. Ikkje heilt home sweet home, men heller ikkje så fælt. Særleg no som eg har fått til å skru på varmen.

Det føltes veldig rart å gå i Hitlers fotspor, saman med masse andre turistar. Og å kunne kjøpe Ørnerede-schnapps, eller tskjorter. Heldigvis var det ikkje kun glorifisering av kor fine ferieheimar nazistane bygde, men også eit dokumentasjonsmuseum der Berghof pleide å ligge (før det vart bomba). Veldig interessant utstilling, og heldigvis/desverre ikkje så mange turistar.
Så kjørte vi heim til Reit im Winkl gjennom nydelig haustlandskap. Trea blei meir haustfarga for kvar dag vi var der, og no er kanskje hausten komen til München også?Idag har vi tatt ein omveg på vegen heim til München. Litt for å unngå motorvei-kø, og litt for å sjå noko nytt. Her stoppa vi for å kikke litt rundt i ein idyllisk småby
Som låg rett på elva (som eg trur heitte Als)
BnB/restaurant i fin Guro/Ragg-stil
Sett nok av rolig landsbyidyll (einaste plass vi såg folk var utanfor kyrkja)
....og vi dro vidare til Wasserburg am See. Der såg vi ikkje berre handikap-parkering, men det (for oss) nye store: kvinneparkering. Rett nok treng ein barnevogn for å gjelde som kvinne med parkeringsrett, men likevel.
På veg inn til småbyen
På helgas minst sør-tyske restaurant - nemlig ein gresk restaurant
Klare for heilt ok usunn mat
Apropos klar for: denne kan kanskje og få plass på bryllupsønskelista. Fin og praktisk, og ein kan aldri få for mange klutar, eller?
Og i ein bokhandel fann vi ei ungdomsbokserie som kanskje kan vere noko for Daniel. Oscar kunne gjort seg som ein karakter her.
Og sist men ikkje minst: ivrige smakerar på søndagsmarknaden. Gratis kremostdipp som mange andre allerede har dyppa diverse ned i og smakt på, seier du? Ja takk.
No har vi levert tilbake bilen, pakka ut og innkvartert oss på kvart vårt rom. Ikkje heilt home sweet home, men heller ikkje så fælt. Særleg no som eg har fått til å skru på varmen.

No comments:
Post a Comment