Igår var det Feiertag i Tyskland, Tag der Deutschen Einheit. Dermed var det kanskje ekstra fullt på Oktoberfest. Men vi dro likevel. Og det var veldig kjekt, veldig lenge, men så tok kvelden litt brått og smådramatisk slutt.
Først gjekk vi av S-Bahnen på Hackerbrücke og fulgte Tracht-strømmen mot festområdet
Stadig nærmare Wies'n
Nok Leberkuchen-utval
Kanskje dagen med finast ver sålangt på Oktoberfest?
Frampeik mot slutten av kvelden vår....
Eit av dei mange telta som vi ikkje har vore inne i. Vi ender alltid opp på Hofbräu
Snart på veg inn i teltet
A lederhosen-clad man with a plan. Ikkje så lett å finne kjente blant fleire tusen folk
Ta-da! Til slutt fann vi dei.
Med Nazeer og Sigbjørn
Lederhosen-boys will be boys
Prøver oss på øl på hodet a la Tuva (men for min del ikkje like avslappa og rutinert)
Bedre å holde i handa.
Så byrja ting å bli litt hazy, sånn som her. Vi blei hengande saman ein venne/brødregjeng frå Sveits, og ein brannmanngjeng frå England.
Ein av brannmenna var fotograf
Og det var ca det eg hugser frå Hofbräu.
Men etterpå åt vi tydeligvis brente mandler
Og så tok vi berg-og-dal-bane. Det blir nok siste gang eg tar det med promille. Resultatet er ca som eit spark i hodet, ihvertfall ein kul og litt blod. Men, Daniel fekk i alle fall tatt eit fint utsiktsbilde.




No comments:
Post a Comment