Der var det skikkelig vått
Og ikkje alle gjekk i tradisjonelt antrekk (her ein Cheese-head, som Daniel seier betyr at kjem frå Minnesota...?)
Diggu snacks. Minna litt om fiskesnacksen under Hanami i Japan.
......og etter lang tids venting, gjekk endelig startskotet for ølservering på årets Oktoberfest, etter at øl-paraden gjennom byen endelig nådde fram til Augustiner-teltet. Eller for vår del, den kalde våte utsida av teltet, sidan det var fullt inne.
Prost!
Andrew frå Belfast - probably best dressed Oktoberfest-tourist :)
Daniel med ein lettare forvirra Taiwansk klassekamerat, med litt knekte sosiale antenner.
Det var Vått.
Endelig blei det plass til Daniel på benken
Ganske glad for det. Det som skjedde etter dette, var at eg, Daniel og Andrew rømte inn til sentrum og satt i eit par timers tid i varmen på Starbucks og snakka om dei virkelig store spørsmål (Katolisisme vs Protestantisme, varighet av ekteskap, den nye sesongen av Forbrytelsen...). Så dro eg heim for å pleie forkjølelsen min - som blei mykje verre av kulden på lørdag. Heldigvis hadde eg framleis litt Fortnum and Mason-honning rommet.
Søndagen var eg, klok av skade, meir fornuftig antrukke.
Dessutan dro vi avgarde litt tidligare enn på lørdag, for å prøve å sikre bord inne i eit telt.
Og det klarte vi! Mellom to australske vennegjengar - møtte forresten veldig mange frå Down Under.
Hana & Enrico
Og Oktoberfest
....
Imponerande, og bestemte serveringsdamer. Ho her sparka til ein fyr som gjekk i veien for ho. Kyllingane og Mass'a (literskrukkene med øl) skal fram.
Daniel i godt humør, fornøgd med kjærleikserklæringa han gav meg.
Nemlig hjerteforma Leberkuchen.
Eg var også ganske fornøgd. Men sjølve Leberkuchen varte ikkje lenge, vi åt den like etter, og det var først på heimvegen at eg såg at det ikkje var meininga - mange gjekk rundt med Leberkuchen rundt halsen heile dagen. Jaja. Perfekte turistar.
Og så åt vi Apfelstrudel. Som nesten ikkje hadde noko apfel i seg. Og deretter hadde eg fått litt nok av mat og øl, og byrja på heimvegen.
På veg ut av teltet såg eg spor av nokon som hadde fått litt meir nok enn meg.
Men, når eg kom heim oppdaga eg at dette hadde skjedd med dirndl'en min....
Uansett. Etter at eg hadde dratt var det fleire som joina Daniel, Hana og Enrico, nemlig Jørn og Andreas.
Og Nasser og Barbara
Og denne hatten byrja å gå på rundgang.
Enrico i særdeles godt humør. Og før han på slutten av kvelden blei tårevåt over at det heile er over for hans del - han reiste heim dagen etter.
Med stadig nye forsøk på å styrte øl. Denne Japaneren(?) møtte ei blanding av heiing og buuing, men virka å høyre mest på heiinga.
Sidan helga har vi ikkje vore på Oktoberfest, men heller sløva litt heime, sett tysk film (eg såg Mux Mäuschen Still igår - superbra og rar). Og så har vi booka ein weekend-tur! På torsdag henter vi leigebil og køyrer sørøstover, innover i Bayern og Alpane.
Daniel er forresten ferdig med tyskkurset sitt. Her er litt bilder frå den siste veka (a.k.a. oppvarminga til Oktoberfest)
Siste skuledag - Daniel møter opp på skulen og regner med at alle gutane i klassen også har på seg lederhosen, men den gang ei. Anne-Sophie har i alle fall dirndl.
2 x dirndl + 2 x Butterbrezl = Happy Daniel
Daniel og Andrew på siste Biergarten-treffet med Goethe.






























No comments:
Post a Comment