Friday, September 21

Dirndl Daddy

Då vi kom hit til München og såg lederhosen og dirndl i butikkane lo vi litt for oss sjølv og snakka om kor teit det var at turistar kjøpte seg slike antrekk, at dei innfødte sikkert synes det er skikkelig harry osv. Så byrja Oktoberfest å nærme seg, og fleire av kameratane til Daniel snakka om å kjøpe seg lederhosen. Plutseleg på tirsdag hadde Daniel gått frå lederhosen-nekt, til å komme heim med nyinnkjøpte lederhosen, og allereie snakke om accesories (for ein må sjølvsagt ha hatt også....). Og når Daniel skulle gå Oktoberfest i møte i lederhosen, falt det seg naturlig å spandere dirndl på meg også. Så, takka vere min Dirndl Daddy:

 Prøvde den ut heime på rommet, og psycha meg opp til å gå med den ute blant folk for første gang.
 Så pakka eg dirndl'en ned i veska mi, gjekk bort til busstoppet og dro på skulen. Etter undervisinga skifta eg kjapt og dro til avsluttingsfesten (for intensivkurset til Daniel).
 Vel framme fekk eg sjå Daniel i lederhosen for første gang.
 og det blei tatt utydelige bilder i veldig godt humør.
 Så idag har vore ganske rolig. Etterkvart dro vi inn til byen og gjekk tur i Englischer Garten. Nydelig!
 Blei sultne og Daniel kjøpte ein sandwhich som smakte heilt ok,
 men ikkje ser så delikat ut, og i alle fall ikkje høyres særleg appetittvekkande: Leberkäse (leverost - sjølv om den visstnok ikkje inneheld hverken lever eller ost)

Og som om ikkje det var nok, fann vi ein frozen-yoghurt kafe like i nærleiken. Digg.
 Framleis på tur rundt i parken
 Men etter lite nattesøvn og eindel gåing i sola, måtte vi ta ein liten powernap.
Og på veg ut av parken såg vi noko av det vi hadde leita etter heile tida: det kinesiske tårnet. Rundt det er det ein heilt enormt stor Biergarten. Skjønt, vi anar kanskje ikkje kva enormt er før vi har vore på opninga av Oktoberfest imorgon. (Grue-)gler meg til folkemengdene, øl'et, maten, lyden og stemninga.

Men enn så lenge ladar vi opp med elendig tysk film ("Friendship"), lørdagsgodt på ein fredag og forhåpentligvis ei god natts søvn. Det kan vi trenge når vi må opp og inn til Oktoberfestområdet i åttetida imorgon tidlig.

No comments: