Eg hugser at Ida fortalte om den umiskjennelige turistlukta etter lange somrar på turistinformasjonen i Bodø, og eg kan tenke meg at Inga kjenner den ganske godt ho også. Vi fekk i alle fall snust litt på turisttilværelsen i helga, med eit lågpunkt/hødgepunkt på søndagen.
Superfint med kanalane der
Og såpass varmt at vi kunne ligge og kose oss i sola
....men såpass sterk sol at det var vanskelig å ta bilder
Bedre med solbriller (mulig ny rekord: ikkje mista solbriller på 3.5 år?!?)
Nydelig med den kunstige innsjøen framfor slottet, med svanar og ikkje altfor mange turistar. Vi hadde egentlig planar om å gå vidare oppover gjennom botanisk hage, men blei sultne og slitne i beina, så vi snudde og dro nedover mot Laim.
Kanskje det mest disgusting vi har sett sålangt på tyske matbutikkar?
Hamburgarar for ekstremt late folk
Og porsjonsglas med vin. Daniel fortel meg forresten at dette er eit ganske typisk lei/irritert blikk frå meg. Dårlig humør, eg?!
Mat & te-fangst frå England. Det som ikkje vises her er Green & Black's Organics-sjokoladeplatene. Ei halv plate blei for eksempel ete til frukost på senga på lørdagen....
Sugar in the morning, sugar in the evening..... Daniel testar smarties-yoghurt til frukost.
Etter ein lang, sløv lørdagsmorgon kom vi oss endelig inn til byen og dro til Alte Pinakothek. Det var stort, men ikkje for stort, og fullt av kunst frå ca 1350-1700. Litt meir Daniel sin smak enn min, men flott likevel.
Apropos smak - etter fleire timars gåing og sjåing var vi klare for lunch, og gjekk ned til The Victorian Tearoom i første etasje. Der serverte dei gigantiske kakestykker, så gigantiske at Daniel for første gang fekk problem med å ete opp sitt ostekakestykke (!)
Eg åt rabarbra og mascarpone-terte. Nam!
Ein liten tur innom bokhandelen. Denne ønsker eg meg.
Og så til mi yndlingsavdeling: franske maleri frå 1700talet.
Madame Pompadour...
Og plutselig kom vi over ei norsk pensjonistgruppe som hadde ei guida omvising på norsk. Vi hang litt rundt for å få med oss kva som blei sagt, men blei ikkje så mykje klokare:
Kvifor tittar feks. puppar fram over kjolane på nederlandske maleri?
Hm.Vanskelig å få fram kor stort dette var, men here goes: 6 meter høgt Rubens-maleri
Ein annan favoritt: Albrecht Altdorfer
På vegen heim kikka vi litt på det neste kunstmuseet på lista vår: Neue Pinakothek.
og for å vere litt flinke elevar, tok vi med oss tyskleksene inn på ein bar i Pasing.
Vel heime lagde eg mi beste suppe på lenge: gresskarsuppe. Etterpå tok vi ein rolig kveld, for å lade opp til den tidlige morgonen på søndag.
Søndag sto vi nemlig opp halv sju, for å rekke å vere ved Hauptbahnhof før 8 og dra på utflukt til Neschwanstein. Det vi ikkje var heilt klar over, var at bussen først tok ein detour til eit Bayersk folkemuseum....
Det var det veldig fin utsikt, midt i Alpenvorland, med morgontåke.
....men museet var så som så. Eit slags stort Sunnfjord folkemuseum, og sidan fattige tyske bønder ikkje levde så annleis enn fattige norske bønder, var det litt kjedelig.
Heldigvis hadde dei rykande fersk apfelstrudel. Vi delte eit stykke, med krem. Kanskje dagens høgdepunkt.
Vel framme i Neuschwanstein/Disneyland - sånn føltes det i alle fall.
For å komme oss litt unna turiststrømmen gjekk vi tur rundt Alpensee.
Forkjøla, lei og ufotogen.
Nydelig utsikt på veg rundt innsjøen, sjølv om vi etterkvart vart litt stressa for å nå fram til Neuschwanstein i tide til omvisinga klokka fire.
....så vi gjekk superfort rundt innsjøen og vidare oppover mot slottet
Her var vi endelig nådd fram til utkikkspunktet Marienbrücke
Ganske svette, både pga kjapp gåing, og litt pga høgdeskrekk
Ganske verdt det.
På veg ned igjen til slottet
Og til slutt mens vi venta på å gå igang med omvisinga. Omvisinga var kanksje den dårligaste eg har vore med på: 50 personar, 25 minutt, mekanisk omvisar og kun nokre få rom tilgjengelige for omvising. Det er forsåelig nok når det er eit gjennomsnitt på 10.000 besøkande kvar dag, men meir gjennomturistifisert og McAttraksjon skal ein leite lenge etter. Utsikta og turane var det finaste - sjølve slottet og omvisinga på det kunne eg vore forutan.
Og det var den helga. No slit eg med den samme forkjølelsen som Daniel hadde forrige veke, og prøver å lage ein presentasjon til Tysken imorgon, der eg skal forklare Tea & Afternoon Tea. Ganske passande, sidan eg drikk kopp på kopp med te med honning (+ lemsip).





























No comments:
Post a Comment