Igår var vi nok ein gang på ein meksikansk plass med sjuke porsjonar. Denne gangen ikkje for å ete middag, men seinare på kvelden, og to supersized drinkar var absolutt ikkje noko oppskrift for suksess.
Men først hadde vi ein rolig, regnfull fredag
Og tysk bakverk - ikkje så digg som det ser ut som (!)
Og sidan det var så grått, vått og kaldt, åt vi suppe på ein vegetarrestaurant i nærheten (med gratis wifi, of course)
Ganske sliten etter vår første veke i München, 3 dagar med språkkurs osv.
Daniel var også ganske sliten, og sovna midt i Heimat-episoden. Natt til lørdag delte vi 90-senga mi for første gang. Veldig koselig (=intimt), men litt vondt i ryggen.
På lørdag var det samme ver som fredag, berre litt kaldare (15 grader....brrr), altså perfekt museumsvær. Vi dro til Stadtmuseum, og eg har funne mitt favorittmuseum her sålangt. Alt frå moderne fotografi, byhistorie, ei stor utstilling med propagandaplakatar frå Nazi-tida, ein etasje med musikkinstrument og ein etasje med dukketeater .
Denne minna Daniel om ein barndomsleike
....og her prøver vi oss på eit kleint midget-bilde.
I musikkinstrument avdelinga. Dette var det siste bildet vi tok på nokre timar.
Nokre timar seinare såg eg sånn ut. I mellomtida hadde vi ete middag på Zum Alten Markt igjen (fantastisk digg: Kalvelever på meg, og svinefilet med blåskimmelsaus til Daniel), dratt bort til Isar for å møte folk frå språkkurset til Isarfest, stått og gått i regnet, drukke øl og etterkvart tatt turen innover mot sentrum for å finne ein uteplass med toalett, varme og tak over hovudet. Vi fann ein fullstappa meksikansk plass der vi såvidt fekk okkupere eit bord. Når eg skulle bestille drinkar, spurte bartenderen meg: "Grosse?", og eg svara ja. Dermed fekk eg to gigantiske mojitos (0.7l?). Som gjekk unna ganske fort. Deretter gjekk Daniel tilbake til baren og kom tilbake med to nye supersized drinkar, denne gangen Tequila Sunrise. Urk. Dei drinkane var starten på slutten (av kvelden), og Daniel måtte vere tolmodig og omsorgsfull kjæreste heile vegen heim.
Idag har eg sett sånn ut. Ganske elendig form, men i firetida bedra eg meg såpass at eg greide å ete frukost og dele nok ein av sjokoladane frå Ingvild, med ei helsing som var spesielt passande/upassande idag.
Apropos Super Size Me - eg meldte meg inn på det lokale treningsstudioet før helga, og imorgon skal eg på ein slags konsultasjon med personlig trenar. Eg skal finne ut vekt, fettprosent, og kor dårlig form eg generelt er i. Grøss. Super size indeed.











No comments:
Post a Comment