Den siste veka har eg vore på ferie i England. Først i London, deretter i Bottesford.
Første post var Harrods - har aldri vore der før, og matavdelinga var ca akkurat så fristande som eg hadde håpa. Gourmet popcorn feks (sjølv om eg og Daniel akkurat åt den, og kan konstatere at den er ingenting mot Atla sin)
Deilig, rosa hotellrom.
Veldig rosa
På veg til shopping i Kings Road på lørdagen
...mykje koseligare og mindre turistifisert enn Oxford Street
Vel framme på Jubilee Tearoom på Fortnum and Mason. Ingela sjekker ut menyen - sjølv om vi allereie har bestemt oss for kva vi skal ha
und zwar/nemlig: Afternoon Tea med finger sandwiches, scones, assorted cakes og sjølvsagt:
Te (skål!).
Klare for å starte. Det øverst til venstre er clotted cream. Sinnsjukt godt på scones.
Scones var forøvrig det einaste vi klarte/ville ha påfyll av.
I herreavdelinga til Fortnum and Mason. Interessant namn på ein fuktighetskrem
Eg forelska meg i dette superbritiske serviset. Må jobbe litt for å få Daniel til å føle det same.
På veg inn i juleavdelinga...
Kanskje ein snømann til jul?
Superfin julekalender med ein skuff for kvar dag.
Have yourself a trashy little Christmas
Siste London-dagen dro vi til Saatchi Gallery. Utstillinga heitte Korean Eye, og dette maleriet av Haeri Yoo var ein av favorittane mine.
Storm in a Teacup-installasjonen var også søt
Og Ahn Doojin's installasjon 'Fault Lines' kan kanskje vere inspirasjon for Daniels neste modell?
Apropos inspirasjon: creepy brudebilder
Og fantastiske fototrykk av Lee Jiyen
I ein annan del av galleriet var temaet sjakkbrett.
Gjerne kinky sjakkbrett
I bokbutikken fann vi mange fine dagbok-titlar.
Og etterpå drakk vi iskaffi & sjokolade (aka sukker-) shake, før Ingela dro vidare og eg hang rundt i biblioteket på hotellet, chit-chatta med resepsjonisten, las, skreiv kort og planla avreise til Bottesford, via Kings Cross.
Vel framme i Bottesford viste det seg at Granny framleis ikkje er heilt trygg på ipaden
Men fish pond er ein soleklar favoritt - særleg når ho får frosken til å hoppe gjennom bildet.
Desse dagane var kanskje slutten på den engelske sommaren, og det var kjempefint å jogge på stiane i nærleiken av Village Hall
og det var bra at eg kom meg ut på nokre joggeturar. Tirsdag laga nemlig Granny roast duck med stuffing (!).
Nam.
Og på den siste kvelden pynta vi oss litt - Granny poserer i sitt nye antrekk, som Mamma er superhappy med å ha funne til ho i sommar.
Soverommet mitt i Bottesford er ganske rosa det også
Det siste eg gjorde på engelsk jord var å ete lunch på Wagamama (digg!).
Men borte bra, heime best / England varmt, Tyskland kaldt osv. Eg er i alle fall trygt heime igjen, og klar for å ta fatt på kvardagslivet og alle tyskleksene her. Sånn ca.









































No comments:
Post a Comment