Friday, August 31

The Neighbourhood Psycho

Det har vore veldig rolig på studentheimen vår den første veka - stille etter 23, ingen høg musikk (i alle fall ikkje i jente-bygget), og ingen andre oppsiktsvekkande lydar. Men i natt våkna eg klokka 04.30 av høglytt roping utanfor vinduet. Heldigvis bur eg i andre etasje (og Daniel i samme etasje, berre i gutte-bygget), men det var ubehagelig nok likevel. Ein mann sto altså utanfor og ropte ting som "Stephanie, mach die Tür mal raus, Scheisse, sprich mit mir, ich weiss wo du wohnst, du bist...". Det varte ganske lenge, og han prøvde å komme seg inn, men det er kodelås på utgangsdørene (men desverre er koden ganske lett å finne ut av, om ein ser på skiltet ved døra om når studenthuset opna for første gang...... heldigvis var han altfor ute av seg til å tenke så langt). Uansett. Til slutt kom heldigvis politiet. Etterpå har eg funne ut at det ligg ein heim "für behinderten Leute" like borti gata, men at det likevel er første gang dei på gangen her har høyrt noko sånnt. Så, frå å ligge våken i natt og tenke at vi må bort og ut herifrå så fort som mogleg, så er eg ikkje så stressa lenger no. Men det er framleis skummelt å gå ned gangen og på do i mørket om natta.

....for det er ikkje bad på rommet, men heller felles-toalett og felles-dusj på gangen. Dorms indeed.
Her er nokre bilder av rommet (for anledning litt ryddig)

 Litt kjip seng (og kun 90cm), men ellers heilt ok
 Regnver, te og tysklekser
 Hehe, her er det minst ein guilty pleasure i bokhylla - kven skulle trudd at eg skulle lese (og bli hekta på) ei sånn bok.... men så hadde eg heller ikkje sett for meg å bu på einmannsrom, i jentefløyen på ein katolsk studentheim.

 Ikkje heilt ryddig altså....
 Vakkert vegg-til-vegg-teppe, med avtrykk frå tidlegare bebuarar. Noko av det første Daniel og eg handla inn her var flipflops for å kunne gå rundt på romma våre (og for Daniel sin del, for å driste seg inn på den illeluktande gutte-dusjen)
 Lærebøkene mine - etter fire dagar på kveldskurs merkar eg at tysken har komt seg eindel, men støter stadig på ting eg ikkje hugsar, og er ustø på.
Og av andre tyske ting har eg oppdaga ein yndlingslunch: vollkornsbrot med hummus, avocado og reddik. Nam!

No: tilbake til tyskleksene - vi har fått i oppgåve å skrive ei krimnovelle til mandag. Ikkje min yndlingssjanger, men ute er det perfekt ver for å sitte inne og gjere lekser - og i helga blir det 15 grader og regn. Ganz schön kalt, men også litt koselig :)

2 comments:

Unknown said...

I can't believe you are reading that book!!!!! I only read an excerpt and it was too cheesy. Can't someone write some really literary husmorporno?

Hanna said...

*blush*
How about you do, as soon as you finish your PhD, that is. You have the housewife-side of it down already.... ;)