Tuesday, August 28

Heimat?

No har vi vore i München i snart fem dagar, og sjølv om alt framleis er veldig ferskt og framand, så byrjar vi å sjå for oss året her. Vi har funne nokre fine parkar, ei (mega-)kort joggeløype, matbutikkar, gode restaurantar, blad og no endelig: internett på rommet. Men first things first.

 Vi følte oss som ganske håpløse turistar då vi skulle kjøpe billett, skjønne sone-systemet og finne ut kva slags s-bahn det lønna seg for oss å ta
 ....men til slutt kom vi oss avgårde. Svette og overlasta med stash lagde vi oss eit bagasje-fort.
 Første matbit i Tyskland - på kjeden Vapiano (heilt greit, og ganske billig, men styrer langt unna pizza med fiken og honning i framtida). Og etter litt middag og påfølgande shopping i nærområdet (Pasing), såg vi litt av "Heimat 2" på senga og la oss tidlig.
 Neste dag kom vi oss inn til sentrum og utforska. Fann blant anna ein søt liten park, Hofgarten, som viste seg å vere ein bra plass for dog-watching
 ....og så: Tysk mat. Erke-tysk mat, til og med, på Zum Alten Markt, like ved Virtualienmarkt.
 Daniel var storfornøgd med Wurst-tallerkenen og ølen. Og som om denne lunchen ikkje var nok, åt vi enda meir erketysk mat på lørdag. På kvelden dro vi nemlig langt opp i nord-øst av byen (litt sånn "according to the map, we've only moved 3 inches"), til Freisinger Hof i Oberföhring. Der åt vi ein rett som i bunn og grunn var kokt biff, med stekte poteter og diverse sausar (eple-pepparrot, spinat og grasløk). Heftig kost, med andre ord, men ganske digg.
 På vegen heim tok vi oss ein tur gjennom sentrum og striregnet, og søkte ly i passajar mellom delar av eit slags kjøpesenter.
 På søndag var veret minst like ustabilt som på lørdag, så vi bestemte oss for museum og Daniel fekk velge. Det blei Deutsches Museum, litt a la teknisk museum i Oslo. Sjølv om det var eindel spennande ting (og sikkert bra for flyskrekk, Guro?), så merka eg at eg er mykje meir tolmodig på kunstmuseum enn på andre museum.....
 Etterpå sto vi ei stund og såg på blandinga av striregn og sol...
 ....og regnbuer.
 Siden vi ikkje har wifi på romma våre, heng vi eindel på kafear som har det. Slik som her, mandag morgon.
 Mandag kveld tok vi turen til Schwabing på leiting etter ein restaurant som tydeligvis ikkje eksisterer lenger. I mangel på den, fall valet på ein meksikansk med det urovekkande navnet Tacos and Tequila. Daniel gjekk dog for Margharita, og prøvde å sjå så macho som mulig ut med den.
 .........
 Eg drakk Mojito
 ...og så kom berget av mat. Porsjonskontroll er tydeligvis ikkje eit kjent begrep overalt her
 For å gå av oss noko av middagen, tok vi turen bort til Olympiaparken og gjekk til toppen av Olympiaberget.
 Heilt fantastisk utsikt (med Alpene i det fjerne bak oss)

 Ganske kjapt gjekk sola ned, og det var superidyllisk og romantisk i parken.
På veg heim - brand new metrostasjon og eldgamle metrovogner.


Det var dei første dagane her, sånn ca. No ventar litt mindre ferie og litt meir kvardag: språkkurs.

No comments: