På fredag hadde eg min siste dag på Tine. Det føltes veldig rart å gå derifrå, få nokre bjørneklemmar og nokre meir forsiktige, slepe med meg fire posar fulle av gratis meieriprodukt og gå langs motorvegen bort til bussen. Eg kjem gjerne til å sjå nokon av folka igjen i framtida, men ellers er eg ferdig med desse 3 åra på Tine, dei tre første åra mine i Oslo. Det føles veldig lenge sidan august 2008, på ein bra måte. Grue-gler meg til første møte med ny jobb denne veka, gler meg veldig til lektorlønningar og å ha spennande arbeidsdagar. Men først blir det hardcore-burtrening av Luna og ganske hardcore pensumlesing.
No comments:
Post a Comment