Eg er i Naustdal denne helga. For første gang på eit år. Luna liker seg her, har funne eit saueskinn som ho ligg på, men det er ikkje det einaste ho har funne det for godt å legge seg over...
Vi var på tur opp til Kletten og Helgås og på vegen oppover såg eg ein hoggorm på nært hold for første gang. Uæææh. Men ikkje nok med det, på vegen tilbake snuste Luna seg ned i vegkanten, la seg på rygg og rulla seg i noko. Det som i Oslo ville vore spy eller råtten kebab var her ein død hoggorm. !!!
Har ikkje lenger like lyst på fjelltur på lørdag. Ser for meg "Snakes on a Mountain". Grøss.
3 comments:
Hihi! Exposure therapy is good, honey!:)
kanskje vi skal prøve fallskjermhopp fra fly med en lang kvelerslange som binder oss til hverandre? :P
Hehe. No way!:) Men gjerne en flyskrekk-kurs med "snakes on that plane!"
Post a Comment