Det er over ei veke sidan vi kom heim frå ferie, og eg har gjort ca ingenting. Planane om å lese alt pensum før skulestart har gått i vasken og eg har brukt altfor mykje tid i ørska på nettet. Eg føler meg motløs når eg les alle innlegga som byrjer med at "Selv om jeg i og for seg er enig i de politiske holdningene hans så..."
Det føles så håpløst når ikkje ein gang noko så grufullt kan få folk til å vise omtanke for andre.
Men det er gått over ei veke, Oslo har våkna til liv igjen og eg bør gjere det samme.
Den kvelden vi kom tilbake frå ferien kræsja mac'en til Daniel, der alle feriebildene låg :( Så medan vi ventar på at den kanskje kan reparerast og bildene kan hentast ut, så har eg sett litt på Daniel sine gamle Iphonebilder - og fantasert om å kjøpe meg Iphone også.
Med Luna som ein slags hatt
Luna in her favourite spot
Nyttårsafta, tidlig på kvelden.
Nok ein gang på sin yndlingsplass, no også mellom beina til Daniel
Real life muldvarp
Kvalm-trøtt på flyet til New York
Berre trøtt
Street fashion on the Upper East Side
Utsikt frå MoMA
Daniel fant ein passande bakgrunn å ta bilder av meg mot
Forlovelses & påske-kake på Ås.
Bjørn i sporty solbriller på bursdagsmiddag.
Den sedvanlige strekninga på 20-bussen, mellom Vigelandsparken og Sagene.
Avslapping etter jobb.
Ventar på toget frå Ski ein junikveld.
Sammen med Luna
Halsbetennelse og hoven mandel førte til ingen kjeve. Vakkert.
Ein dag hadde vi satt igjen ein halvtom boks med creme fraiche på stuebordet...
slem hund
Men veldig søt.
Aaargh. No skal eg prøve å lese litt pensum.
1 comment:
så mye kule bilder! hverdagsliv.lizzzmmmmm
Post a Comment