Friday, April 4

Kollektivbaby

Idag har Frida og eg reist med tre offentlige transportmiddel. Først 20bussen, deretter 13trikken og til slutt tbanen frå national til Majorstua. Og så har vi gått tur i Oslo og shoppa litt på Illums. 

Ellers har Frida blitt meir glad i babygymmen sin






Thursday, April 3

Nede på Helsestasjonen

Kanskje ikkje "tidlig ein morgon", men tolvtida kan vere meir enn tidlig nok med ein baby i hus. På mandag hadde vi time for barselgruppe klokka tolv. Klokka 10.50 våkna eg på sofaen med Frida i armkroken og følte veldig for rope ut "we slept in!" a la Catherine McCallister. Men med eindel hjelp frå Daniel og småjogging ned til Solli plass, rakk vi det akkurat. 

Idag har vi vore på seksmåneders kontroll og funne ut at Frida har vokst frå 4032g til 5305g. Vi trur det fordeler seg på ca 60 cm, altså 8cm meir enn ved fødselen. Big baby! 

Apropos det:


Her er både bollekinn og dobbelthake synlig, og auge som er ein litt ubestemmelig grå-blå-grønn farge.

Ganske fornøgd då eg fekk ho til å sove i denne, på kjøkkenbenken. Kanskje eg får til å lage litt mat framover likevel?


Ho er blitt flinkare til å sjå rett fram, men har framleis sine sjeløyde øyeblikk.

Monday, March 31

5 år og 6 veker

Denne helga har romma to merkedagar. På lørdag hadde eg og Daniel vore saman i fem år, 


og på søndag blei Frida 6 veker gammal. 

Mamma har vore på besøk i helga - deilig med byssehjelp 

Morgonfrisk

Men tar ein liten powernap saman med morgontrøtt pappa.


På søndag var det besteforeldretreff og sein frukost, med Frida i ein sentral posisjon


Og apropos besteforeldre: Bjørn held ei søvnig Frida.





Thursday, March 27

Daffodils

Ifjor på denne tida underviste eg i Daffodils-dikt av William Wordsworth og Ted Hughes på skulen i München. I år nøyer eg med å sjå på ein bukett påskeliljer mens eg ventar på at Frida skal bli mett og sovne. 


Denne nydelige blomstrete drakta har Frida (først og fremst føttene til Frida) diverre vokst ut av.


 Var ute på ein deilig tur i Frognerparken idag, men tok ikkje bilde, så eg legg 

heller ved eit bilde frå ein fin tur for nokre veker sidan: 


Og dagens største gledelige nyhet er dette brevet som endelig kom i posten idag etter at NAV har brukt meir enn maksimal behandlingstid på den: 


Endelig! Let the permisjon begin - det har den forsåvidt gjort forlengst, men no er vi endelig garantert permisjonspengar og ikkje berre eingangssum. Føler meg veldig takknemlig som bur i Norge, fekk ein termindato som var akkurat passe, og fødte ein baby ca akkurat på termin. Feirer med å høyre på "Happy" og ete litt sjokolade. 

Tuesday, March 25

Dagens outfit

Ingela har etterlyst dagens outfit-oppdateringer, og siden vi idag fekk ein pose full av fine jentekle av Synne, så passa det bra å starte no. 


Her frå ein rimelig fornøgd augneblink tidlegare ikveld - no er ho i vil-bli-byssa-konstant-modus og eg skal straks legge meg nokre timar. Når eg står opp for å passe ho i natt ser ho gjerne ut som ho gjorde idag tidlig:




Ellers har dagen bydd på Fridas første tur rundt Sognsvann med fetter Johannes, mitt andre forsøk på å bake eplemuffins på ei veke og besøk av Ane som hadde med matblad og Ritter-sjokolade frå Berlin. 

Imorgon står Fridas første besøk hos fastlegen min for tur.

Monday, March 24

All by myself

Idag har Frida og eg gått tur aleine for første gang, utan hjelp til å løfte vogn eller holde dører åpne eller noko. 

Og det har vore nydelig vær i Oslo idag. Perfekt for rusletur rundt på Majorstua, ein svipptur innom Helios for sjokolade og te og ein runde rundt Frognerparken. 

Ellers ser Frida fem veker og lys våken klokka 04.30 slik ut: 



Og Frida i djup søvn klokka ti ser slik ut: 


Ho har mao snudd døgnet litt igjen. Men bortsett frå det er ho ein veldig snill og fin baby. 





Saturday, March 22

Første selfie

Eg hugsar kor usmakelig eg syntes det var med sukkerprofilbilder tydeligvis tatt av seg sjølv, på badet. Likevel tok vi dag denne post-stellebord-selfien. 


Her hadde vi nettopp sagt hadet til Ingvild og Eivind etter vårt første middagsselskap utan familie sidan Frida vart født (og med middag meiner eg reker og kvitvin). 

Idag smilte ho forresten for første gang - til Ingela. 


Wednesday, March 19

Frida

 Sidan sist har det skjedd ein heil del. Eg har ikkje halsbrann lenger fordi eg no har:

Ein 1 måned gammel baby. 

For å få ho måtte eg gjennom ein 41 timer lang fødsel (der eg fekk oppleve mange av dei tinga eg er redd for, men der alt endte godt) og dei fire påfølgande vekene i ein unntakstilstand av søvnmangel, ammestress og øm kropp. 

Siste bilde av Frida før fødselen

Første natt ute av magen, på pasienthotellrommet mellom to stk clueless nybakte foreldre.

Første morgon som mor

1 dag gammal og allerede for stor for italiensk nyfødtstørrelse

Første besøk på pasienthotellet: nybakt bestemor Ingela


Frida to dagar gammal

I eit 40 år gammalt Jon Blund babyteppe
Eit glimt frå kantina på Ullevål - helsevennlig størrelse på desserten

Tydelig uerfarne foreldre som ikkje veit bak og fram på ei babylue - på veg ut til ein ventande taxi og heimreisa frå sjukehuset

Begge blei rørt til tårer då vi kom heim og oppdaga at Ingvild hadde rydda og vaska heile leiligheten.


Første heimebesøk - all in the family (leiligheten var ryddig i ca ein dag)

Ikkje alltid like blid, på tross av kule kle



Granny/bestemor på besøk

Første trilletur - 5 dager etter fødselen og framleis ganske øm og i ørska

Morgonstund

Snooze

Nytt søsken- og søskenbarntreff
Johannes ser ivrig i ein av bøkene til Frida
Ey macarena
Hm - to be or not to be....
Familie-trilletur

To fedre framfor ein tvilsom farsfigur


Far og datter ein tidlig morgon
Og ein kveld

Testar ut babybjörnen
Fyller barnevogna til randen
Frida i eit utrøstelig øyeblikk 

Eitt bleieskift seinare og litt roligere.

Så, slik går dagane. Eg er stort sett blitt ein sofa-fast ammende tv-slave. Heldigvis har vi getboks og netflix. Men gler meg til snøen smelter og Frida og eg kan komme oss meir ut.