Thursday, April 3

Nede på Helsestasjonen

Kanskje ikkje "tidlig ein morgon", men tolvtida kan vere meir enn tidlig nok med ein baby i hus. På mandag hadde vi time for barselgruppe klokka tolv. Klokka 10.50 våkna eg på sofaen med Frida i armkroken og følte veldig for rope ut "we slept in!" a la Catherine McCallister. Men med eindel hjelp frå Daniel og småjogging ned til Solli plass, rakk vi det akkurat. 

Idag har vi vore på seksmåneders kontroll og funne ut at Frida har vokst frå 4032g til 5305g. Vi trur det fordeler seg på ca 60 cm, altså 8cm meir enn ved fødselen. Big baby! 

Apropos det:


Her er både bollekinn og dobbelthake synlig, og auge som er ein litt ubestemmelig grå-blå-grønn farge.

Ganske fornøgd då eg fekk ho til å sove i denne, på kjøkkenbenken. Kanskje eg får til å lage litt mat framover likevel?


Ho er blitt flinkare til å sjå rett fram, men har framleis sine sjeløyde øyeblikk.

No comments: