Sunday, February 5

Ein fjerdedel

Eg er komen ca så langt i seminara, to av åtte veker er unnagjort. Og det har vore skummelt, kjekt, trasig, flaut, morsomt, frustrerande og fantastisk, i den rekkefølga. Denne veka står Shakespeare og Donne for tur, og er ganske spent på korleis det blir. Men seminara kjennest ikkje så uoverkommelige ut som dei gjorde før eg starta, sjølv om eg framleis knapt har starta på Great Expectations. Kanskje eg må lese eit samandrag nok ein gang, a la det eg lånte frå Knut?

Ellers har den siste veka vore prega av mykje jobb og praksis, og lite tid til å kokkelere, trene, rydde eller vaske klede. Heldigvis har Daniel vore snill kjæreste

Ein dag hadde han laga romantisk torskemiddag til meg. Med sanasol-aktig saus

Og i helga har eg endelig kobla litt ut og slappa av. Igår var heile frokostgjengen samla i Veslekroken til deilig frukost, koselige oppdateringar og mitt fjerde møte med Bridesmaids. Og den er heilt klart morsomast å sjå i selskap med jenter :)


Rannveig kjørte oss i ein Kia som skilte seg ganske bra ut frå dei andre bilane på Montebello.

Og idag har vi endelig rydda og vaska her heime, og gjort klar til ny veke. Så no er det ingen fleire unnskyldningar for å utsette Shakespeare og Donne...urk.

Monday, January 30

Stresstest

Eg tok nettopp ein stresstest på kk.no. Fekk opp at eg er i faresonen. No shit Sherlock, eg sit på kontoret på Blindern og lagar opplegg til tirsdags og torsdagsseminaret denne veka, har akkurat hatt ein full praksisdag på Rosenvilde og har ein haug nyare historie å lese meg opp på.

....men sååå stressa kan eg umulig vere, sidan eg hadde tid til å ta stresstesten i det heile tatt :)

Monday, January 9

Nytt år, nye ......

muligheter? Eg er iallefall igang med å forberede meg på litt av det nye dette semesteret. Denne helga var eg på Blindern saman med Inga tidlig om morgonen, aleine på masterlesesal, og oppslukt av Sonnet-theory. Når eg kom heim kosa eg med Luna <3



Og på fredag var eg hos tannlegen, borra to hol og var super-bedøvd.
bedøvd smil

Så no har eg eit par nyttårsforsett:
-ta bedre vare på tennene mine
-vere meir økonomisk
-vere meir sosial (så snart psycho-semesteret blir litt mindre psycho)
-vere sunnare
-vere ryddigare





Friday, December 30

Year's End

Ifjor på denne tida satt eg med kapittel to av masteren, og nærlas den nestsiste novella i Unaccustomed Earth, "Year's End". Den handlar om ein juleferie med familiekonfliktar, som ender i at sonen skjeller ut dei nye stesøstrene sine, stikk av og tilbringer romjula og starten av det nye året aleine på barar og motell oppover austkysten av USA. Det å skrive masteroppgåve kjennest veldig langt borte, men novellene kjenner eg framleis ut og inn. Skulle ønske eg hadde tid til å lese dei på nytt no, men eg bør heller gå igang med denne bunken:

Sålangt har eg berre lese ut Julius Caesar, og er nesten ferdig med den tynnaste poesi-boka. No er eg byrja på Emma av Jane Austen, og sjølv om den er koselig nok så går det sakte framover. Og no er det kun nokre veker til eg skal møte dei andre seminarlederane og kunne snakke om bøkene! Men det skal nok gå, ei side om gangen, og ein litteratur-podcast om gangen. Dessuten kan det hende eg blir nødt til å ringe Mamma for å få hjelp til å tolke litt her og der. Ho flaug heim idag tidlig, og vi saknar ho alle tre, særlig Luna.


Men ja. Tilbake til Emma på kindle på senga.

Saturday, December 10

Dr. Dana

Eg og Dana var på Corebar på Elixia igår (samme plass som eg blei frastjåle joggesko på torsdag, men men) og etterpå...
feira vi at Dana fekk doktorgradsstipendiatet med carborific lunch på Cafe Fedora og påfølgande julehandel.

Så var vi ein tur borte hos Inga for å helse på ho og Geo
Nydelig Westie, dog ikkje like lett å kose med som Luna.



Luna i eit slapt øyeblikk - på Daniel sitt gaming-fang (og Daniel i Mr. Big tskjorta :).
Sexypasta med spinatsaus :)

Daniel stiller opp kalendergåver



Denne er eg straks ferdig med. Neste på lista er Shakespeare sin Julius Caesar. Sweet.


Guro og Martin låner Luna, sånn at vi kom oss ut på ein slags tapasmiddag igårkveld.

Monday, December 5

Ei helg, 36 stilar

Denne helga har stått i stilrettinga sitt tegn. Idag har eg knapt gjort anna enn å rette stilar, og no har eg kun 6 halvdagsstilar igjen. Heldigvis var det noko lystig lesing i løpet av bunken, noko ufrivillig morsomt, noko veldig bra. Men ting tar tid.

Dette er ca det villaste eg har gjort denne veka. Ete sharon frukt og drukke te framfor dataen...

Thursday, December 1

1. Desember

Det er første desember idag og vi byrja på denne:


Ingela har laga kalender til oss!
På torsdagar og fredagar har eg kun Blindern og kan stå opp sammen med Daniel. Då blir det frukost på senga og årets første kalendergåve: julete cupkake-former.

Ellers så har Luna løpetid. Ifølge folka i hundebarnehagen er ho så kåt og klar at ho står med rompa pressa opp mot gitteret mellom seg og guttehundane. Vel heime er ho naturlig nok heilt utslitt etter all denne seksuelle frustrasjonen.

Monday, November 28

30årsfeiring tre dagar til endes

Ingvild fylte 30 på torsdag.

Så dagen byrja med luksusfrukost i Neuberggata 3b
Trygt
På veg heim frå Blindern og til meir bursdagsfeiring
Heilt passe gavebord for ein tredveåring
spreke Unni


can you say nydusja?

far og datter på veg inn i taxi

Mette og glade

I garderobe-kø på veg heim igjen




....Framleis fascinerande med ny iphone....
søte og salige Ane
Mett julafte-stemning


Kornete iphonebilde av kveldens siste bobler


And now to something completely different: fordi Thanksgiving fall på den 24 november i år fekk eg ikkje feira hos Dana.....
....men eg fekk komme på leftover-lunch på fredagen. Nam!
Og så kom lørdagen og festen til Ingvild, men Daniel var ikkje i form, så eg måtte dra aleine :(
.....men kva gjer vel det når ein kjem til dekka tapaskoldtbord
Helen og Tina


Ipad-Ane

...og kakepynten som utløste brannalarmen.

Altfor masse god mat og kos, og dermed ein ganske stor kontrast til rette-helvete som startar på onsdag med ein halvdagsprøve for ein av klassane mine. 40 stilar å rette på ei helg der eg helst skulle ordna til jul og lest pensum. Men retting til julemusikk blir kanskje kos det også?

Saturday, November 19

Klein

Eg og Daniel har hatt mange dagar derpå i det siste. Igår var vi i ein 38årsdag som endte ute på Solli plass... Så idag måtte Luna vente til klokka tre på sin første tur ut. Men etterkvart som formen min steig kom eg meg ut for litt shopping og lang lunch på Litteraturhuset med Mari.

Wink wink
Framleis litt klein
mmmmmmreker
urk. Sild, som eg prøvesmakte og framleis ikkje er noko begeistra for
På slutten av handleturen fann vi litt juleting, og merker at eg gler meg til å jule-pynte leiligheten.

Merker at det er veldig deilig at det kun er lørdag, og at eg har ein heil dag igjen av helga til å lese, skrive, planlegge, trene og rydde. Ikveld blir det berre mat og wordfeud.

Saturday, November 12

Lørdagsgrøt

Siden det er lørdag idag følte eg for å lage det mest lørdagske ein kan lage
Og inviterte familien (som var delvis oppslukt i å spele scrabble på iphone)
Og Guro og Martin lånte med seg Luna
Ellers har eg og Daniel vore heilt hekta på Forbrytelsen i det siste. 20 episodar a 1t kvar flyr forbi (dvs, vi er over halvvegs), og eg har Forbrytelsen-inspirerte mareritt.

...og alle amazon-pakkane mine har byrja å dukke opp i posten. Dermed må eg snart hive meg over Julius Caesar av Shakespeare, 1600-tals poesi og alt anna eg ikkje kan så mykje om innan britisk litteratur. Sweet.