Sunday, February 5

Ein fjerdedel

Eg er komen ca så langt i seminara, to av åtte veker er unnagjort. Og det har vore skummelt, kjekt, trasig, flaut, morsomt, frustrerande og fantastisk, i den rekkefølga. Denne veka står Shakespeare og Donne for tur, og er ganske spent på korleis det blir. Men seminara kjennest ikkje så uoverkommelige ut som dei gjorde før eg starta, sjølv om eg framleis knapt har starta på Great Expectations. Kanskje eg må lese eit samandrag nok ein gang, a la det eg lånte frå Knut?

Ellers har den siste veka vore prega av mykje jobb og praksis, og lite tid til å kokkelere, trene, rydde eller vaske klede. Heldigvis har Daniel vore snill kjæreste

Ein dag hadde han laga romantisk torskemiddag til meg. Med sanasol-aktig saus

Og i helga har eg endelig kobla litt ut og slappa av. Igår var heile frokostgjengen samla i Veslekroken til deilig frukost, koselige oppdateringar og mitt fjerde møte med Bridesmaids. Og den er heilt klart morsomast å sjå i selskap med jenter :)


Rannveig kjørte oss i ein Kia som skilte seg ganske bra ut frå dei andre bilane på Montebello.

Og idag har vi endelig rydda og vaska her heime, og gjort klar til ny veke. Så no er det ingen fleire unnskyldningar for å utsette Shakespeare og Donne...urk.

No comments: