Thursday, March 8

The Trick is to Keep Breathing

Det er lenge siden eg las den Janice Galloway-boka, men har aldri tidligare følt at tittelen stemmer så bra med livet mitt. Denne veka skulle studentane på begge seminargruppene levere førsteutkast på stilar. 8 oppgåver å velge mellom, og sjølv om dei fleste har valgt dei samme oppgåvene, så er det eit par elevar som har valgt ei oppgåve om eit stykke eg ikkje har rukke å lese enda..... not good :)

Istedenfor å fortsette å rette stilar, eller lese i Mrs. Dalloway, så fekk eg lyst til å mimre litt rundt dei siste vekene.

På dette kontoret prøver eg å bruke så mykje tid som mogleg. Særleg med tanke på dei 33 stilane som gjenstår å gi tilbakemeldingar på.

Det er stort sett Daniel som tar ansvar for Luna for tida, men eg er med på ein og annan kveldstur, helst kledd som ei svær, rød og sponsa boble.

Mamma har vore på vinterferie i Oslo og fått teknisk assistanse frå Daniel
Og Daniel fylte 30! I tillegg til sykkel og mini-bordtennisbord ( <3 ) fekk han herlig barnslig snop.

Og akkurat når eg trudde at Oslo-vinteren gjekk mot slutten, våkna eg til Winter Wonderland idag tidlig. Det blir mao ei bra helg for å holde meg innandørs med rettebunke :)

No comments: