Det er deilig å vere tilbake i Oslo igjen, og å feire 9-månedersdag med nytt skilt på postkassa :)
Monday, December 28
Wednesday, December 23
Matlyst
...januar 2010 må bli tidenes mest cliche-fylte januar. Trening, cottage cheese, avholdenhet osv. Men enn så lenge er det jul og eg skal straks heim. Berre ein siste arbeidsdag på tine, så er det home sweet home, sove lenge, ete kalkun og ha kvalitetstid med dei næraste, inkludert Guro <3
Tuesday, December 15
Gullmandag
Gårsdagen var ein mandag heilt utenom det vanlige. For det første greide eg endelig å karre meg på trening (var så lenge sidan eg hadde vore der at ho som sto i resepsjonen måtte vise meg det nye billettsystemet :S). Etterpå laga Daniel middag til meg mens eg sto i dusjen. Deilig, sunn middag (kylling med kanel, purre, avokado, pinjekjernar og appelsin. Nam!), fyr i peisen og til dessert fiska han fram stilton og champagne. <3
...så kan vi rydde og sjå julefilmar ein annan dag.
...så kan vi rydde og sjå julefilmar ein annan dag.
Sunday, December 13
It's beginning to look a lot like Christmas
pubertale pepperkakebakararDet er ti dagar igjen til jul. Ti dagar, derav 8 av dei på jobb. Dessutan har eg knapt kjøpt nokon julegåver. Men fruktskåla er full og pepperkakeboksen snart likeså. Dessutan har eg hatt herlig kvalitetstid med deilige Daniel, vore på julebord og utløyst trygghetsalarm.
Wednesday, December 9
"Juleferie"
Hermeteikn fordi den neste fridagen min blir 24 desember. I mellomtida skal eg stå opp 06.45 mandag til fredag, karre meg til Kalbakken og nyte min mindless-job på Tine frå 08-16. Og den einaste dårlige samvittigheten blir for manglande trening og treig julegaveshopping. Lesing blir kun for kos, og om kveldane kan eg bake julekaker. Så livet er temmelig sweet.
Monday, December 7
Retrospeksjon og virkelighetsflukt
Sånn. No kan eg fortsette med repitisjon til eksamen imorgon. Så fort eg har baka brød og tatt hårkur og dagdrømt og og og.
Thursday, December 3
Eksamensstria
Den kjem før den mykje hyggeligare julestria.
Og midt oppi alt saman har eg blitt hekta på Californication. Dårlig timing og oh so addictive.
Og midt oppi alt saman har eg blitt hekta på Californication. Dårlig timing og oh so addictive.
Wednesday, December 2
Sambuarskap og eksamensangst
Det er stort sett desse to tinga som opptek meg for tida. Eg har har vore sambuar sidan fredag, og so far, (stort sett) so good. Dataspel og eksamenar er dei einaste skåra i gleden. Imårra er den første, om American Literature in the 50s and 60s. Eg har lest det meste (utanom siste halvdel av On the Road) og gler meg til å bli ferdig. Slik at eg kan stresse med å repetere alt pensumet til fredagseksamenen om The Lost Generation and the 1920s. Dessutan må eg snart bestemme meg for kva fag eg skal ta til våren. Noveller, kolonial litteratur, obskur (og sansynlegvis obskøn) 1800talslitteratur om seksualitetens historie, eller Jane (#"$Y&%#$) Austen.
Valgets kval & kalde føtter (som eg straks skal legge nedi eit glovarmt badekar).
Valgets kval & kalde føtter (som eg straks skal legge nedi eit glovarmt badekar).
Wednesday, November 25
God stemning
Kom nettopp heim til Oslo. Home Sweet Home, heime aleine med pasta, trash-tv og meir eller mindre ferdigskrivne oppgåver. Dei 16 timane i Bergen gjekk altfor fort, men eg fekk heldigvis tid til frukost med söta bror (som har latt “god stemming” infiltrere språket sitt). Togturen heim var heilt ok. Deilig å sitte i komfortvogna der ein kan forsyne seg av te og aviser. Og finne fram til likandes musikk på mac’en til Daniel.
No: lett innleverings- og eksamensangst.
Monday, November 23
Bibliography bitch
Eg har vore på Sophus Bugges sidan klokka åtte idag. Ny personlig rekord 3 dagar før første semesteroppgave skal leverast :s
Inga kom samtidig og saman fann vi oss eit kollokvierom. Dermed har vi kviskra, ledd høgt, knaska knekkebrød og sukka utan å sjenere andre. Og lese, sjølvsagt.
No er eg snart ferdig med den eine av dei to oppgåvene mine. Skal berre fikse den o så store bibliografien. Blir deilig å ta banen heim, komme til dekka bord og kanskje ha samvittighet til ein times flau trashtv ikveld.
Inga kom samtidig og saman fann vi oss eit kollokvierom. Dermed har vi kviskra, ledd høgt, knaska knekkebrød og sukka utan å sjenere andre. Og lese, sjølvsagt.
No er eg snart ferdig med den eine av dei to oppgåvene mine. Skal berre fikse den o så store bibliografien. Blir deilig å ta banen heim, komme til dekka bord og kanskje ha samvittighet til ein times flau trashtv ikveld.
Friday, November 20
Potetkjelleren
Monday, November 16
Mmmmat
Men idag er det tilbake til den akk så mørke og kakelause kvardagen. 105 samtalar på jobb + eit par andre telefonar. Blant anna om kva vi skal ete til middag idag:
Hanna: eg tenker å lage gulerotsuppe, med koriander og creme fraiche. Noko litt sunt.
Daniel: jeg er keen på noe skikkelig kjøtt, kanskje biff.
Hanna: altså det heilt motsatte...
Kanskje eg kan vere sunn imorgon istaden. Med terrific Tuva.
Sunday, November 8
Sjokoladeterapi
Subscribe to:
Posts (Atom)